Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Sunnfjord
Fristen er utløpt

Administrasjonsmedarbeidar

SUNNFJORD INDUSTRI AS

  • Søknadsfrist Snarest
  • Ansettelsesform Fast

Administrasjonsmedarbeidar søkes til Sunnfjord Industri

Vi søkjer no ein administrativ medarbeidar til kontoret vårt i Naustdal, Sunnfjord Kommune.

Sunnfjord Industri AS vart etablert i 1994 og har i dag 12 tilsette.

Bedrifta leverer sveise- og mekanisk arbeid til kvalitetsmedvitne kundar.

Vi veks raskt og er inne i ein spennande fase med store prosjekt og kontinuerleg utvikling.

No ser vi etter deg som vil ta ansvar for administrative oppgåver.

Vi søkjer ein engasjert og allsidig administrasjonsmedarbeidar som kan bidra til å styrkje administrasjonen vår.

Stillinga er nyoppretta, og du vil få høve til å vere med og forme både innhald og arbeidsmåtar etter kvart som vi utviklar oss vidare.

Vi er fleksible når det gjeld stillingsprosent, men trur den vil liggje mellom 50 og 100 % for den rette medarbeidaren.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og dekkje fleire område:

  • Kontor og økonomi: fakturering, mottak og handsaming av fakturaer, oppfølging av mappestruktur, varemottak og dokumentasjon knytt til prosjekt.

  • HMS: bidra aktivt i HMS-arbeidet, sørgje for at kurs og sertifikat er oppdaterte, samt følgje opp klede og utstyr.

  • Dokumentasjon og kvalitet: oppfølging og arkivering av dokumentasjon i samsvar med sertifiseringa vår ihht EN 1090.

  • Administrativ støtte: samarbeid med resten av administrasjonen om praktiske og organisatoriske oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi ser for oss at du har:

  • erfaring frå kontor, økonomi eller administrasjon (gjerne innan bygg eller industri, men dette er ikkje eit krav)

  • god digital kompetanse og strukturert arbeidsform, gjerne erfaring med Office-program

  • interesse for HMS og kvalitetssikring

  • evne til å arbeide sjølvstendig, men òg som ein del av eit team

Vi tilbyr

  • ei nyoppretta stilling med moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag

  • varierte og spennande oppgåver innan fleire fagområde

  • eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

  • ordna løns- og arbeidsvilkår

For spørsmål om stillinga, kontakt:

Rolf Smedsrud Tlf. 970 73 100

E-post: rolf@rolfsmedsrud.no

Søknader vert vurderte fortløpande.

Tiltreding snarast mogleg, etter avtale.

Ferdigheter

  • Arkivarbeid
  • Fakturering
  • Kvalitetssikring
  • Microsoft Office
  • Saksbehandling fakturering

Om arbeidsgiveren

Sunnfjord Industri AS vart etablert i 1994 og har i dag 12 tilsette.

Bedrifta leverer sveise- og mekanisk arbeid til kvalitetsmedvitne kundar.

Vi veks raskt og er inne i ein spennande fase med store prosjekt og kontinuerleg utvikling.

  • Sektor: Privat
  • Sted: 6817 Naustdal
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Bygg og anlegg, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Industri og produksjon
  • Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

administrasjon, kontorarbeid, økonomi, fakturering

SUNNFJORD INDUSTRI AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Rolf Smedsrud
  • Mobil: 97 07 31 00
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside

3 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

6817 Naustdal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465085061
  • Sist endret 27.5.2026, 14:48
Rapporter annonse