Her er du

FINN/Jobb/Søk/Trøndelag/Ørland
Fristen er utløpt

Matros i sambandet Brekstad-Valset, pt. MF Austrått

Maritim Drift, Fjord1 AS

  • Frist 10.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vi søker etter matros på sambandet Brekstad-Valset, p.t. MF Austrått

Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. 

Fergestrekninga Brekstad-Valset går over Trondheimsfjorden og er eit sentralt bindeledd mellom Ørland og fastlandet, med stor betydning for lokalsamfunn og næringsliv. Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.

I denne stillinga jobbar du døgnvakter 2 veke på og 2 veke fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Søkjar bør bu lokalt..

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!


Arbeidsoppgåver

  • Bruvakt, billettering og forefallande arbeid om bord
  • Gjere seg kjent med sikkerhetsstyringssystemet
  • Oppgåver iht. alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Kundebehandling
  • Andre arbeidsoppgåver gitt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Ferdighetssertifikat Matros
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: Døgnvakter, 2 veker på og 2 veker av.

Kontaktinformasjon

Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518

Arbeidsstad



7130 Ørland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS


Referansenr.: 5135952874

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

7130 Brekstad

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465080459
  • Sist endret 27.5.2026, 15:30
Rapporter annonse