Akuttsykepleier/sykepleier
Felles akuttmottak, Haugesund
- Frist 14.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du jobbe der det skjer – og der du får brukt både hovudet og hendene?
I Felles akuttmottak tek vi imot rundt 60 pasientar i døgnet – alt frå små skadar til livstrugande tilstandar. Vi har no ledig eit vikariat i perioden 17.08.26-15.08.26.
Hos oss er ingen dagar like, og du blir del av eit fagmiljø som samarbeider tett og støttar kvarandre.
👉 Søk i dag – vi gler oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Mottak, stabilisering og behandling av pasientar med behov for akutt hjelp.
- Samhandling i tverrfaglege team.
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette.
- Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for 12-timars turnus.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ønskeleg med vidareutdanning i akutt sjukepleie.
- Ønskeleg med 2 års erfaring frå akuttmottak dersom manglande vidareutdanning.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
- samarbeider lett med andre, men tek òg sjølvstendige val
- tek ansvar og bidreg aktivt i kvardagen
- kommuniserer tydeleg og med omtanke
- har god digital kompetanse
- møter andre med respekt, deler kunnskap, og er med på å skape ei positiv stemning i avdelinga.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ei variert stilling der du får brukt faget ditt – og utvikla deg vidare gjennom nye oppgåver og erfaringar i kvardagen.
- Høve til 12-timars turnus (etter avtale og i tråd med gjeldande ordningar).
- Eit arbeidsmiljø med godt samhald – der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og har det triveleg på jobb.
Kontaktinformasjon
Trude Karoliussen, Funksjonsleiar, +47 91856627Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5133132135
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 14.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465052973
- Sist endret
