Her er du

FINN/Jobb/Søk/Telemark/Vinje
Fristen er utløpt

Kokk - 65% vikariat

Rauland skule, Vinje kommune

  • Frist 8.6.2026
  • Ansettelsesform Vikariat

Rauland skule er omkransa av vakker natur og spennande fjellområde. Skulen er sentral i bygda vår, med idrettsanlegg vegg i vegg og flotte turmoglegheiter og skiløyper i nærleiken. Me er ein inkluderande og framtidsretta skule, der tryggleik, trivsel og fagleg utvikling står i sentrum. Me er omlag 170 elevar og rundt 40 tilsette. 

No søkjer me ein engasjert og sjølvstendig kokk til skulekjøkkenet vårt. Stillinga legg opp til komprimert arbeidsår der du har fri i alle elevane sine friperiodar. 

Har du erfaring frå liknande arbeid, er blid og har lyst til å gjere ein forskjell i elevane sitt kosthald, samstundes å ha fri i alle feriar, då er dette stillinga for deg! 



Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og tilbereding av måltid
  • Samarbeide med tilsette og elevar - kunne ha elevar med som hjelp innimellom
  • Innkjøp og kontroll av råvarer
  • Sikre gode rutinar for hygiene og mattryggleik (i tråd med regelverk)
  • Reinhald og vedlikehald av kjøkken
  • Tilrettelegging for allergenar og særskilde behov
  • Bidra til eit inkluderande og triveleg måltidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk
  • Ha gode norsk dugleikar (tilsvarande nivå B på norskprøva) 
  • Kunnskap om IK-mat og gjeldande regelverk
  • Kjennskap til ernæring og tilrettelegging av måltid for barn og unge
  • Erfaring frå skule, kantine eller storkjøkken
  • Erfaring med å halde seg innafor eit årsbudsjett

Ved mangel på kvalifiserte søkjarar og/eller dersom personleg eignaheit ikkje tilseier det:

  • Relevant erfaring frå kjøkken kan kompensere for manglande fagbrev
  • Søkjarar utan formell utdanning kan vurderast

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og ansvarsmedviten
  • Strukturert og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og serviceinnstilt
  • Du må prioritere jobb høgt og vere stabilt på jobb

Personleg eignaheit vil bli vektlagd 

Vi tilbyr

  • Løn fagarbeidar kokk: mellom 470 800kr - 609 300kr, i 100% stilling
  • Løn kjøkkenmedarbeidar: mellom 419 900kr - 551 100kr, i 100% stilling
  • Komprimert arbeidsår, fri i alle skuleferiar
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

 

  • Mogleg forlenging av stilling ut skuleåret 26 - 27 om situasjonen på skulen tilseier det

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Aud Lillian Hustveit, Verksemdsleiar Rauland skule, +47 95752799

Arbeidsstad

Rjukanvegen

3864 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune


Referansenr.: 5132523314

Stillingsprosent: 65%

Vikar

Sluttdato: 31.12.2026

Søknadsfrist: 08.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Rjukanvegen, 3864 Rauland

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465049140
  • Sist endret 27.5.2026, 09:07
Rapporter annonse