LEDIG STILLING – 100 % VIKARIAT SOM KONTAKTPERSON
Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, Kviteseid kommune
- Frist 12.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
LEDIG STILLING – 100 % VIKARIAT SOM KONTAKTPERSON
Ønskjer du å bidra til ein tryggare og betre kvardag for barn og familiar?
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer ein engasjert kontaktperson som vil vere med og skape positive endringar i barn sine oppvekstvilkår.
Vi er ei innovativ og framtidsretta teneste med høg fagleg kompetanse, der samarbeid, openheit og løysingsorientert arbeid står sentralt. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med fokus på fleksibilitet, samhald og fagleg utvikling.
Vi har ledig 100 % vikariat som kontaktperson frå dags dato til 31.08.2027.
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er ei interkommunal teneste som omfattar kommunane Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Kviteseid er vertskommune, og hovudkontoret ligg i gode og tilrettelagde lokale der. I tillegg har vi kontorplassar i dei andre kommunane.
Arbeidsoppgåver
Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova
- Saksbehandling, oppfølging og rettleiing av barn og familiar i tråd med barnevernslova
- Samarbeid med andre instansar for å sikre heilskaplege og gode tenester
- Aktiv deltaking i faglege drøftingar og kompetanseutvikling
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, gjerne med relevant vidareutdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast
- God barnevernfagleg kompetanse og erfaring er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Evne til å nytte digitale verktøy på ein effektiv måte
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er trygg, raus og robust
- Har evne til å motivere og inspirere
- Er ein god lagspelar med gode samarbeidsevner
- Arbeider systematisk og målretta
- Evnar å strukturere eigen arbeidskvardag og sikre framdrift
- Likar å samarbeide med andre kommunale tenester og dele kunnskap
- Kan handtere krevjande og pressa situasjonar
- Er fleksibel og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein spanande og meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell
- Høgt fagleg nivå med fokus på utvikling og kompetansebygging
- God opplæring og rettleiing
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer
- Regelmessig oppfølging frå teamleiar
- Sak- og prosessrettleiing i gruppe med psykolog
- Løn og vilkår
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Gunn Annie Hellestad, Leiar Barnevernssamarbeidet i Vest Telemark, +47 90 76 69 07Arbeidsstad
Granlivegen 1A3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: 5135746930
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 12.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464969626
- Sist endret

