Fagkonsulent (undervisningsassistent) ved Institutt for politikk og forvaltning
Universitetet i Bergen
- Frist 10.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFagkonsulentVed Universitetet i Bergen, Institutt for politikk og forvaltning, er det ledig ei 100 % stilling som fagkonsulent (undervisningsassistent) frå 1. august 2026 til 31. juli 2027.
Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett, skal bidra til undervisning, fagleg oppfølging av studentar og støtte instituttet sitt kommunikasjons- og rekrutteringsarbeid.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
- Vere undervisningsassistent for emne på 100-nivå i haust- og vårsemesteret
- Leie seminargrupper og gje tilbakemelding på obligatoriske oppgåver
- Bidra til planlegging og gjennomføring av rekrutteringstiltak og studentretta aktivitetar
- Delta aktivt i instituttet sitt kommunikasjonsarbeid, mellom anna med ansvar for sosiale medium
- Produsere og publisere innhald på digitale plattformer og synleggjere instituttet sitt utdanningstilbod, fagmiljø og aktivitetar
- Utføre administrative og praktiske oppgåver ved behov, særleg i periodar med mindre undervisningsaktivitet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer ein kandidat som har:
- Mastergrad innan politikk og forvaltning, statsvitskap eller tilsvarande relevant fagområde. Graden må vere fullført innan tiltreding. Søkjer må ha oppnådd mastergrad innan dei siste tre åra.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- God digital kompetanse; erfaring med administrative IT-verktøy er ein fordel
- Interesse for formidling og erfaring med kommunikasjonsarbeid og sosiale medium
- Undervisnings- eller formidlingserfaring er ein fordel
Vi legg òg vekt på at du:
- Arbeider systematisk, sjølvstendig og målretta
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er fleksibel, initiativrik og ansvarsmedviten
- Trivst med å arbeide med studentar
- Har engasjement for fagfeltet og instituttet si verksemd
Søknaden skal innehalde
Søknad med CV, vitnemål og relevante attestar skal sendast elektronisk via JobbNorge. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Søknadsfrist: 10. juni 2026
Vi tilbyr:
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- Årsløn tilsvarande NOK 519 400 (stillingskode 0389 - Fagkonsulent). For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Arbeidsstaden vil i hovudsak vere ved instituttet sine lokale på universitetscampusen i Bergen. Den som får stillinga, må difor rekne med Bergen som arbeidsstad.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte instituttleiar Anne Lise Fimreite
E-post: anne.fimreite@uib.no
Telefon: 900 83 619
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464966373
- Sist endret
