Dagleg leiar
VISIT EIDFJORD KF
- Frist 30.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie og utvikle ein av Vestlandet sine mest spennande reiselivsdestinasjonar?
Visit Eidfjord har ansvar for drift av cruisehamn, turistinformasjon, marknadsføring og destinasjonsutvikling i ein av dei viktigaste reiselivskommunane på Vestlandet. Visit Eidfjord skal bidra aktivt til ei berekraftig utvikling i samspel med alle interessentar.
Vi søkjer no ein dagleg leiar som vil vere med og forme framtida for reiselivet i Eidfjord. Dette er ei sentral rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom strategi og drift, og som ønskjer å vere med på å utvikle Eidfjord til ein heilårsdestinasjon som sikrar økonomisk verdiskaping og tek vare på kultur, natur, klima og miljø.
Om rolla
Rolla som dagleg leiar kombinerer strategisk utvikling med operativ gjennomføring. Ei viktig oppgåve blir å auke verdiskapinga frå eksisterande trafikk og vidareutvikle Eidfjord som heilårsdestinasjon. Du vil òg vidareutvikle organisasjonen, styrkje det kommersielle arbeidet og bidra til tett samarbeid i det lokale og regionale reiselivet.
Dagleg leiar vil arbeide tett med styret, Eidfjord kommune, lokalt næringsliv, regionale og nasjonale reiselivsaktørar og cruisereiarlag. Du blir ein synleg og viktig representant for reiselivet i Eidfjord.
Sentrale ansvarsområde i rolla er:
- Vidareutvikle Eidfjord som ein heilskapleg og berekraftig heilårsdestinasjon
- Overordna ansvar for drift, økonomi og resultat i verksemda
- Styrkje samarbeidet med lokale og regionale reiselivsaktørar
- Samarbeide tett med styret og andre sentrale interessentar
Kven er du?
Vi ser etter ein trygg og sjølvstendig leiar med god strategisk og operativ forståing. Erfaring frå reiseliv, destinasjonsutvikling eller anna kommersielt retta verksemd er ein fordel, saman med god forståing for offentleg sektor og politiske prosessar.
Som relasjonsbyggjar samarbeider du godt med ulike miljø, og du kombinerer utviklingsorientering med god gjennomføringsevne. Du trivst med å vere synleg og til stades i lokalsamfunnet, og blir motivert av å skape resultat saman med andre.
Som dagleg leiar i Visit Eidfjord får du ei sentral og synleg leiarrolle med stor påverknadskraft, og ei sjeldan moglegheit til å forme både eit selskap og ein destinasjon i utvikling.
Arbeidsstad er Eidfjord.
Er du nysgjerrig, er du velkomen til å ta kontakt med styreleiar i Visit Eidfjord, Wenche Nygård Eeg, tlf. 909 12 248, eller Bønes Virik Executive Search ved partner Liv Braathen, tlf. 488 49 499, eller Anette Hansen, tlf. 900 80 079.
Søknadsfrist: 30. juni 2026
Tilsetjing skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk i kommunal sektor. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren, i samsvar med offentleglova § 25 andre ledd, kan verte offentleggjorde sjølv om du har bede om å ikkje verte ført opp på offentleg søkarliste.
Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid få varsel før søkjarlista blir offentleggjord.
FerdigheterAI-generert
- Økonomistyring
- Reiselivsledelse
- Turisme
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Visit Eidfjord KF er eit kommunalt føretak, heileigd av Eidfjord kommune. Føretaket har ansvar for drift av cruisehamn, turistinformasjon, marknadsføring og destinasjonsutvikling, og er ein sentral aktør i kommunen. Verksemda har fire faste årsverk, supplerte med sesongtilsette på cruisekaia og turistkontoret.
Eidfjord er ein av dei viktigaste reiselivskommunane på Vestlandet. Med Vøringsfossen, Hardangervidda og Hardangerfjorden som næraste naboar har destinasjonen nokre av dei sterkaste natur- og opplevingstilboda i landet. Cruisetrafikken er ei viktig berebjelke, og i 2025 vitja over 175 000 cruisegjester Eidfjord.
Visit Eidfjord arbeider for å utvikle Eidfjord som ein heilårsdestinasjon, der reiselivet skaper varige verdiar for lokalsamfunnet. Føretaket er sertifisert som Miljøfyrtårn, og berekraft, vertskap og samarbeid på tvers av verdikjeda står sentralt i arbeidet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Eidfjord, 5783 Eidfjord
- Bransje: Hotell og overnatting, Offentlig administrasjon, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Markedsfører
Nøkkelord
Næringsutvikling, Reiselivsutvikling, Reise, Lokalsamfunn, Destinasjonsutvikling
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464959938
- Sist endret



