Driftsoperatør
Hordaland Bioenergi AS
- Frist 14.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med drift av energianlegg?
Vil du jobbe med drift av energianlegg – og vere med å sikre stabil og framtidsretta infrastruktur i regionen?
Hordaland Bioenergi AS utviklar, byggjer og driftar energianlegg og tilhøyrande infrastruktur.
Vi leverer stabil og miljøvenleg energi til kundar i regionen, og arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle løysingar for framtidas energibehov.
Selskapet inngår i Voss Energi-konsernet, og gir ein trygg arbeidsplass med lokal forankring og eit større fagmiljø i ryggen.
No søkjer vi ein driftsoperatør som vil få ei viktig rolle i den daglege drifta og vidare utviklinga av anlegga våre.
Kva går jobben ut på?
Du vil ha ansvar for å sikre stabil drift av anlegga våre – frå dagleg oppfølging til feilsøking og vidare utvikling.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Drift og tilsyn av energianlegg
Feilsøking og utbetring av tekniske problem
Planlegging og gjennomføring av vedlikehald
Oppfølging av brensel og innsatsfaktorar
Overvaking og analyse av driftsdata
Bidra til optimalisering av drift og energiproduksjon
Kundekontakt knytt til anlegg og leveransar
Aktiv deltaking i HMS-arbeid
Kven ser vi etter?
Nokon som har nokre av desse kunnskapane:
Fagbrev eller relevant erfaring innan elektro, automasjon, mekaniske fag eller tilsvarande
Erfaring frå drift av tekniske anlegg
Interesse for styring, automasjon og dataverktøy
Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
Gode samarbeidsevner og ein praktisk tilnærming til problemløysing
Gode norsk- og engelskkunnskapar
Førarkort klasse B
Gjerne erfaring med bruk av hjullastar
Kvifor jobbe hos oss?
Du får ein viktig rolle i drift av kritisk lokal infrastruktur
Du jobbar tett på konkrete anlegg og resultat
Du blir del av eit lite og kompetent fagmiljø
Du får moglegheit til å påverke og utvikle drifta vidare
Ein fleksibel arbeidskvardag der du i stor grad styrer eigen dag
Du får tryggleik gjennom eit solid konsern
Konkurransedyktige vilkår
Praktisk informasjon
Arbeidsstad: Voss / region Oppstart: Etter avtale
Det må påreknast deltaking i vaktordning.
Søknad
Send kortfatta søknad og CV til post@hbio.no
Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt.
Ferdigheter
- Drift av kraftverk
- Optimalisering av energiforbruk
- Planlagt vedlikehold
- Systemoptimering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Hordaland Bioenergi AS utviklar, byggjer og driftar energianlegg og tilhøyrande infrastruktur.
Vi leverer stabil og miljøvenleg energi til kundar i regionen, og arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle løysingar for framtidas energibehov.
Selskapet inngår i Voss Energi-konsernet, og gir ein trygg arbeidsplass med lokal forankring og eit større fagmiljø i ryggen.
- Sektor: Privat
- Sted: Brynalii 66, 5705 Voss
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Automasjon og instrument, Driftsoperatør/vaktmester, Energioperatør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
drift, energianlegg, vedlikehald, feilsøking
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464009703
- Sist endret
