Rooms Division Manager
Norway's best AS
- Frist 23.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Rooms Division Manager til Vestlandets største sikidestinasjon
Ei nøkkelrolle i hjartet av Myrkdalen
Myrkdalen Hotel er hjartet i Myrkdalen Fjellandsby – Vestlandets største skidestinasjon og eit heilårig reisemål i sterk utvikling. Her møtest gjester, sesongar, aktivitetar og menneske frå heile verda – og no ser vi etter ein leiar som vil vere med å vidareutvikle både drifta, menneska og gjesteopplevinga.
Dette er ikkje ei skrivebordsrolle langt frå kvardagen. Vi ser etter deg som trivst tett på drifta, som likar å byggje sterke team og som evnar å skape struktur, kvalitet og gode opplevingar – også når tempoet er høgt.
Ei rolle med stor påverknad Som Rooms Division Manager får du det overordna ansvaret for resepsjons, kurs & konferanse og reinhalds avdelingane ved hotellet. Du blir ein sentral del av leiargruppa og blir ein viktig støttespelar for teama dine i kvardagen, samstundes som du skal vere med å utvikle korleis vi jobbar – og korleis vi møter gjestene våre.
Dette er ei rolle for deg som likar kombinasjonen av:
- operativ drift og langsiktig utvikling
- menneskeleiing og struktur
- kvalitet og kommersiell forståing
Kva vil du jobbe med?
Du vil mellom anna få ansvar for:
- koordinering og oppfølging av det daglege arbeidet i resepsjons, kurs & konferanse og reinhalds avdelingane
- bemanning, rekruttering og medarbeidarutvikling
- sikre gode gjesteopplevingar gjennom aktiv oppfølging av service, gjestefeedback og kvalitetstruktur, rutinar og kontinuerleg forbetringsarbeid
- budsjett, driftstal og resultatoppfølging
- samarbeid på tvers av avdelingar og reisemål
Kven ser vi etter?
Myrkdalen er ein destinasjon med store sesongvariasjonar, eit levande hotellmiljø med mange menneske i bevegelse – både gjester og medarbeidarar. Difor ser vi etter ein leiar som trivst tett på drifta, og som evnar å skape struktur, tryggleik og gode opplevingar også når kvardagen er travel.
I denne rolla er det viktig at du likar å vere synleg og tilgjengeleg for teamet rundt deg. Du må kunne balansere drift, menneske og kvalitet samstundes som du held oversikt, tek beslutningar og bidreg til godt samarbeid på tvers av avdelingar.
Vi trur du vil lykkast godt hos oss dersom du:
- har erfaring frå operativ leiing innan hotell, reiseliv eller annan serviceintensiv drift
- er trygg i personalleiing og motiverast av å utvikle menneske og team
- evnar å skape struktur, prioritere godt og halde oversikt i hektiske periodar
- er van med å bruke digitale verktøy i kvardagen, og ser verdien av gode system, rutinar og arbeidsprosessar
- har erfaring med hotell- og/eller PMS-system
- kommuniserer godt på norsk eller eit anna skandinavisk språk, i tillegg til engelsk
- har førarkort klasse B
Relevant erfaring og personlege eigenskapar kan vege opp for formell utdanning.
Kvifor Myrkdalen?
For mange er Myrkdalen meir enn ein arbeidsplass. Det er ein livsstil.
Her får du nærleik til natur, ski, fjell og friluftsliv – samstundes som du blir del av eit profesjonelt og ambisiøst reiselivsmiljø. Mange av våre tilsette bur i Myrkdalen og på Voss, og kombinerer ein aktiv kvardag med spennande arbeid i ei næring i utvikling.
Myrkdalen Hotel er del av Norway’s Best Group – eit av dei mest spennande reiselivsmiljøa i Norge, med moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og vidare karriere på tvers av destinasjonar og selskap.
Klar for ei rolle der du verkeleg kan påverke?
Då håpar vi å høyre frå deg. Hos oss får du moglegheita til å vere med å utvikle både menneske, drift og gjesteoppleving i ei av Vestlandets mest spektakulære fjelldestinasjonar.
Søknader behandlast fortløpande, send din søknad i dag!
Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i vår portefølje. Konsernet har sitt hovudkontor i Flåm, og kontorstader i Myrkdalen, på Voss, i Bergen og Narvik. Vi har ein nasjonal ambisjon og er ein konsolidator i norsk reiseliv. NBG er i front på heilskapleg reisemålsutvikling, og har i dag ei verksemd bygd på våre heilårssatsingar i Flåm, Myrkdalen og Narvik. I over 25 år har vi posisjonert Flåm, med Flåmsbana og Nærøyfjorden, til å bli eit av Norges mest populære reisemål. I pudderparadiset Myrkdalen, med Myrkdalen Fjellandsby, har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I nord eig vi Narvikfjellet i Narvik og verdens nordlegaste dyrepark Polar Park i Bardu. Selskapet har i tillegg aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. Selskapet har ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og selger våre eigne og andre aktørar sine attraktive produkt til gjester over heile verda.NBG har ein omsetning på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidsansatte og 2 millionar gjester årleg. Utover vår reisemålssatsing eig NBG-konsernet også det innovative selskapet The Fjords, som tilbyr unike nullutslepps reiseopplevingar på norske fjordar, og 50% av den spektakulære Flåmsbana.NBG er ikkje berre eit reiselivskonsern, vi er også ein samfunnsbyggar som ønsker å skape positive ringverknader og attraktive lokalsamfunn der vi har vår verksemd.Vi ønsker å vere i front på bærekraftig reiselivsutvikling og bidra til ei ansvarleg og framtidsretta reiselivsnæring. Vi gjer vårt yttarste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ønsker å skape eit inkluderande, mangfaldig og likestilt miljø med attraktive arbeidsplassar.
FerdigheterAI-generert
- Budsjettoppfølging
- Engelsk
- Hotelldrift
- Kvalitetssikring
- Norsk
- Tilbakemelding fra kunde, ledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: Torggata 14, 5713 Vossestrand
- Bransje: Hotell og overnatting, Reise og turisme, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Husøkonom, Konferanse, Resepsjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Hotellsjef, Hotelledelse, Service, Gjestereise, Personal
Myrkdalen Hotell (1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464948122
- Sist endret




