Undervisningsstilling innan Teknologi og industrifag
Vestland fylkeskommune
- Frist 08.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Undervisningsstilling innan Teknologi og industrifag
Fusa vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse og oppvekst, teknologi og industrifag, naturbruk, restaurant og matfag og påbygg for vaksne-nettskule. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og HTA/HTH. Skulen har omlag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for å kunna gje ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no/
Skulens elevsyn: Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta
eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.
Vi ser etter deg som har utdanning og erfaring innan faget, som er nyfiken på ny teknologi og som kan tenkje deg å bidra med din kunnskap inn til skulen vår. Vi ser etter deg som ynskjer å vere med å forme framtidas fagarbeidarar innan teknologi og industrifag.
Arbeidsoppgåver
Skulen har ledig 100% fast undervisningsstilling i programområde Teknologi og industrifag. Stillinga er ledig frå 1.august 2026. Hos oss får du muligheten til å bruke fagkompetansen din til å utdanna framtidas fagarbeidarar og gje elevane spennande møter med yrkeslivet.
Stillinga vil i hovudsak innebære undervisning på Vg1 og VG2.
Oppfølging av elevar i bedrift/praksis, fagleg og sosialt
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Undervisninga skjer både i klasserom og i skulens praksislokaler
Du bidreg til sterk kobling mellom teori og praksis og refleksjon
Sikre eit godt samarbeid mellom skule og heim
Det kan vere aktuelt å kombinere denne stillinga med undervisning i andre fag ved skulen, ut frå våre behov og søkjar sin kompetanse.
Kvalifikasjonar
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
Undervisningserfaring
Fagbrev/utdanning innan teknologi- og industrifag
Relevante kurs/sertifikat innan faget
Praktisk erfaring innan fagområdet
God digital kompetanse
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald
Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert undervisning og varierte vurderingsformer
Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er og sjølvstendig i eige arbeid
Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven
Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og andre
Du samarbeider godt med eksterne fagmiljø for å utvikla gode undervisningstilbod og synleggjera skulen
Du er ein trygg og tydeleg vaksen i samspel med ungdom, er oppteken av relasjoner og elevens mestring, motivasjon og læring
Du har eit stort engasjement for faget ditt og ønskjer å dele dette
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting
Du som skal tilsetjast i den vidaregåande skulen må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Inkluderande og respektfull arbeidskultur, der det er plass til høg fagleg ambisjon og kvardagsleg humor
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Skulen legg tilrette for gjennomføring av pedagogisk utdanning, dersom du manglar dette
FerdigheterAI-generert
- Videregående opplæring innen tekniske og andre yrkesfaglige studieretninger
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5640 Eikelandsosen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464945552
- Sist endret


