Helgestilling for sjukepleiarstudent
Gulen kommune
- Frist 14.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Gulen kommune har ledig om lag 13-18% fast helgestilling, for tida ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Dersom ein har moglegheit til vakter i vekedagane i kombinasjon med studie, kan stillingsprosenten utvidast i inntil 33%.
Denne helgestillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra, med arbeid kvar 3. helg. Dersom det er ynskjeleg med langvakter kvar 4. helg, kan ein sjå på moglegheitene for det på sikt. Oppstart vert avtalt med einingsleiar.
Vi søkjer deg som er sjukepleiarstudent og har lyst på ei fast, forutsigbar helgestilling med relevant praksisnær erfaring. Dette er ei god moglegheit for deg som ynskjer å styrkje kompetansen din under studiet, bygge CV og få arbeidserfaring som kjem godt med både i vidare utdanning og framtidig jobb.
I Gulen kommune løner vi sjukepleiarstudentar (3-årig løp) som ferdigutdanna sjukepleiar når du kan vise til bestått 120 studiepoeng. Det er også mogleg å søke om stipendordning i løpet av tida du studerer og har eit fast forpliktande arbeidstilhøve i Gulen kommune.
Vi legg til rette for eit godt læringsmiljø, oppfølging og varierte oppgåver som gir deg fagleg utvikling og tryggleik i rolla.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Sjukepleiarrelaterte oppgåver jamfør studieprogresjon
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Sjukepleiarstudent
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Søkjarar som etter utfylling av eigenerklæring vert pålagt å teste seg for MRSA/TBC, må framlegge negativ test før oppstart.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464501820
- Sist endret

