Helgestillingar - Sjukepleiar/Vernepleiar
Helse Bergen HF
- Frist 25.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Helgestillingar - Sjukepleiar eller Vernepleiar
Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Klinikken satsar òg på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.
Martens er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen. Seksjonen ligg tilbaketrekt i rolege omgjevnader i Sandviken og omfattar to sengepostar.
Korttidspost Martens er ei korttidsavdeling med 10 sengeplassar for kvinner og menn. Avdelinga tilbyr eit breitt spekter av tenester til pasientar som treng avklaring og avrusing i ein subakutt fase. Innlegging skjer på frivillig grunnlag. Tilbodet omfattar abstinensbehandling, medisinsk nedtrapping, tidleg stabilisering, miljøterapi, treningsterapi og psykologfagleg oppfølging. Me tilbyr fleire treningsaktivitetar kvar veke, både i eige treningsrom og i nærområdet. Det blir lagt stor vekt på ettervern, endringsprosessar og rusmeistring for å sikra eit heilskapleg behandlingstilbod.
Pasientane blir møtte av ei tverrfagleg personalgruppe med brei kompetanse. Hos oss møter du mellom anna erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom, lege, fysioterapeut, vernepleiar og psykolog, som saman bidreg til eit heilskapleg tilbod.
I underetasjen til Korttidsposten ligg Tvangsposten. Denne har fire døgnplassar for pasientar innlagde etter vedtak i Helse- og omsorgstenestelova §§ 10-2 og 10-3. Overordna mål med opphaldet er avrusing, stabilisering, samt å motivere og leggje til rette for vidare frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Behandlinga har både eit akutt perspektiv – å førebyggje alvorleg helseskade – og eit langsiktig mål om redusert rusmiddelbruk eller rusfridom. Det blir lagt vekt på individuell tilrettelegging, brukarmedverknad og tett samarbeid med pårørande, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar. Gravide med rusliding er òg ein del av pasientgruppa.
RAK Korttidspost Martens har no ledige helgestillingar med arbeid kvar 5. helg. Aftenvakt fredagar og langvakter laurdag-søndag.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar arbeider i tverrfagleg team og følgjer pasientane tett under innlegging
- Arbeid i helg vil naturleg vere mest fokus på å vidareføre planlagde aktivitetar og gjeremål saman med pasienten
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver. Ein arbeidsdag kan bestå av alt frå tillaging og utdeling av medisinar, støttesamtalar, pårørandearbeid, ulike kartleggingar og ulike aktivitetar med pasientane
- Samarbeide med andre instansar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå sjukepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
- Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og samhandlar godt med andre
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Regelmessig internundervising
- Årsturnus/kalenderplan
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Legemiddelhåndtering
- Norsk
- Psykologiske helsetjenester
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Hatleveien 7D, 5038 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykiatri, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helgestilling, sykepleier, sjukepleiar, rusmedisin, Martens
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462715824
- Sist endret


