Seksjonsleiar
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du gode relasjonelle eigenskapar, er resultatorientert og sterkt motivert for å utvikle polititenesta i samhandling med andre? Vi har no ledig fast stilling som seksjonsleiar for vakt og beredskapsseksjonen i Ålesund.
Seksjon for vakt og beredskap har ca. 50 dedikerte politibetjentar som på døgnkontinuerleg basis skal bidra til å sikre tryggleik for innbyggjarane gjennom kriminalitetsførebygging som hovudstrategi. Seksjonen er delt opp i tre avsnitt med kvar sin avsnittsleiar.
Som seksjonleiar vil du ha personal-, mål og resultatansvar for seksjonen. Du vil ha ansvar for å sikre god beredskap, effektiv ressursstyring og utvikling av seksjonen. Som seksjonsleiar vil du også inngå i leiargruppa ved geografisk driftseining Sunnmøre. Derfor treng vi deg med god heilskapsforståing og samarbeidsevne knytt til politiet sitt samfunnsoppdrag. Stillinga samarbeidar også tett med andre einingar i politiet, og eksterne samarbeidsaktørar.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi oppmodar særskilt kvinner om å søkje på politileiarstillingar
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg med relevant erfaring, og som ønskjer å setje retning og utvikle polititenesta i Møre og Romsdal.
Vidare søkjer vi deg som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadørar for politiet gjennom handlingane dine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å sørgje for eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- dagleg leiing av seksjon for vakt og beredskapsseksjon
- personal- og resultatansvar
- deltakar i leiargruppa i geografisk driftseining Sunnmøre
- ansvar for effektiv ressursutnytting, måloppnåing og høg kvalitet i leveransane til seksjonen
- setje retning, skape resultat og felles måloppnåing i samhandling med andre
- utvikle godt medarbeiderskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit i eininga
- sikre heilskapleg styring i eininga i tråd med gjeldande lover, regler og retningslinjer, og overordna avgjerder og prioriteringar
- samhandling internt og eksternt
- sikre eit helsefremjande arbeidsmiljø gjennom dialog og samarbeid (HMS og internkontroll)
- andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved eininga
- kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen
- relevant leiarerfaring og/eller leiaarutdanning
- brei erfaring frå ulike oppgåver og ansvarsområde i politiet
- kunnskap om HMS, eller at slik kompetanse kan opparbeidast innan avtalt tid eller tilsetjing
- god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
- plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- kunnskap og erfaring om samarbeid med andre samarbeidande aktørar
Personlege eigenskapar
- mål og resultatorientert med god gjennomføringskraft
- du har evne til å setje retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre
- du har god evne til kommunikasjon, teambygging og relasjonsbygging internt og eksternt
- du er medarbeidarorientert med god evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeider
- du er samfunnsorientert og har forståing for eininga si rolle i politiet sitt samfunnsoppdrag
- Du er ein god rollemodell som leiar og for politiet sin medarbeiderplattform gjennom eigen åtferd
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved leiarstilling.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utfordrande og utviklande leiarstilling for deg som vil vera med og forme politiet for framtida
- fast stilling som seksjonsleiar (SKO 0326 med funksjonstittel politiavdelingsleiar) med brutto årslønn på 840 000 kr. - 900 000 kr.
- for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast
- godtgjersle etter gjeldande ATB, som for tida er kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464495783
- Sist endret


