Assisterende kontorleder
Nav
- Frist 07.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til god leiing og trygge medarbeidarar i ei tverrfagleg eining med stor samfunnsbetydning?
Om rolla
Vi søkjer no ein erfaren og relasjonssterk assisterande kontorsjef som vil ha ei sentral rolle i å styrkje kompetanseutvikling, sikre høg kvalitet i tenestene våre og bidra i strategisk utviklingsarbeid. Du vil arbeide tett med fagmiljøet i kompetansesenteret, samarbeide med og rapportere til kontorsjef. Som assisterande kontorsjef vil du få personalansvar, førebu og delta på avdelingsmøte og leiarmøte, samt medverke i medbestemmingsapparatet i eininga. Du vil og førebu og sikre rapportering i tråd med rutinar innan aktivitetar/leveransar, økonomi og HMS. Kompetansesenteret leverer tenester til alle Nav-kontor i Nav Vestland. Som assisterande kontorsjef må du rekne med noko reiseverksemd i oppfølginga av tenestene våre.
Om Nav-eininga
Nav sitt samfunnsoppdrag er å bidra til sosial og økonomisk tryggleik, og til eit inkluderande arbeidsliv med moglegheiter for alle. Kompetansesenter for arbeidshelse bidreg inn i komplekse helsefaglege problemstillingar og gir kompetanseheving til Nav-kontor og samarbeidspartnarar i Nav Vestland. Oppdraget vårt er å styrkje kvaliteten i tenestene til Nav, særleg innan arbeidshelse, inkludering, arbeidsevnevurdering, oppfølgingsmetodikk og samarbeid med arbeidsgivarar, utdannings- og helsesektoren.
Eininga har 28 tilsette fordelte på tre avdelingar med fire fagleiarar.
Stillinga har arbeidsstad i Bergen.
Kva går jobben ut på?
- personalansvar for tilsette i eininga
- oppfølging av sjukefråvær, HMS og arbeidsmiljø
- medarbeidaroppfølging og utviklingssamtalar
- bidra til koordinering og flyt i dagleg drift
- oppfølging av rutinar, prosessar og forbetringsarbeid
- bidra til godt samarbeid mellom fagmiljøa og leiinga
- delta i leiarmøte og bidra til heilskapleg leiing
- vere stedfortredar for kontorleiar ved behov
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdannelse tilsvarende minimum bachelor. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- relevant erfaring frå rolle med personalansvar
- erfaring med arbeidsmiljø- og sjukefråværsoppfølging
- god munnleg formidlingsevne og gode skriftlege ferdigheiter på norsk
Det er ein fordel
- god forståing for offentleg forvaltning, Nav sitt samfunnsoppdrag og leiing i staten
- arbeidserfaring og/eller leiing i offentleg verksemd
- erfaring med forbetringsarbeid eller utviklingsarbeid
- erfaring med å leie kompetansemedarbeidarar
Kva ser vi etter hos deg?
- er trygg og tydeleg i møte med menneske
- byggjer gode relasjonar og skapar tillit
- er robust og løysingsorientert i krevjande situasjonar
- trivst med høgt tempo og varierte oppgåver
- evnar å arbeide strukturert og følgje opp saker over tid
- har god rolleforståing og kan samarbeide godt med ulike fagmiljø
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og god samarbeidskultur
Personleg eignaheit vil verte tillagt stor vekt.
Kvifor velje oss?
- ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- stillinga blir plassert i stillingskode 1054. Lønsspennet er frå kr. 780 000 til 850 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllendalsveien 6, 5009 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464493395
- Sist endret

