Vil du undervise i norsk og samfunnskunnskap? Vi har ledig inntil 100% vikariat skuleåret 26/27
OPK-AD - Årdal vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Årdal vidaregåande skule har om lag 150 elevar og 40 tilsette, fordelt på 10 klassar. Vi tilbyr utdanningsprogram innan studiespesialiserande, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen ligg i Øvre Årdal, omgitt av flott natur med gode moglegheiter for friluftsliv.
Vi er opptekne av å skape eit trygt og inspirerande læringsmiljø for elevane våre, og eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø for dei tilsette. Som lærar hjå oss får du høve til å vere del av eit engasjert kollegium som samarbeidar tett for å gje elevane dei beste føresetnadene for læring og utvikling.
Ved skulen har vi føljande stilling ledig frå 01.08.2026 - 31.07.2027:
Faglærar i norsk, samfunnskunnskap og tilpassa opplæring - inntil 100% vikariat
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning
- Vurderingsarbeid
- Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasselag
- Til stillinga må du som lærar vere førebudd på å vere kontaktlærar
- Stilling vil vere retta mot undervisning på både studieførebuande og yrkesfaglege programområde
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk lærar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere undervisning i:
- Norsk
- Samfunnskunnskap
- Tilpassa opplæring
Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdanning, men vi oppfordrar alle med relevant utdanning og/eller erfaring til å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- er engasjert og positiv - med ønskje om å formidle kunnskap og bdira til eit godt læringsmiljø.
- har eit positivt elevsyn.
- er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg.
- er tilpassingsdyktig.
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Tett samarbeid på tvers av fagmiljø
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Geir Kjetil Øvstetun, rektor , 90694334, geir.kjetil.ovstetun@vlfk.noArbeidsstad
Farnesvegen 326884 Øvre Årdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5134498107
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464492250
- Sist endret
