Overingeniør/senioringeniør - Drift- og prosjektkoordinator
Universitetet i Bergen
- Frist 05.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Den mest spanande jobben i byggebransjen i Bergen dei neste 15 åra?
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Om stillinga:
Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen har ansvar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling av universitetet sine bygg og uteområde. Med høg fagkompetanse og tett samarbeid med fagmiljø og universitetsleiing, bidreg Eigedomsavdelinga til utviklinga av UiB som eit leiande universitet.
Ved Eigedomsavdelinga til UiB er det no ei ledig 100 % stilling på Driftsseksjonen som Drift- og prosjektkoordinator. UiB står framfor fleire store og spanande byggeprosjekt dei kommande åra, som skal vere med å videreutvikle UiB som eit leiande universitet og realisere universitetet sin strategi, Kunnskap som former samfunnet (https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/attachments/uib_strategi_2023.pdf). Stillinga vil ha ei sentral rolle mellom anna i desse prosjekta:
Realfaghøyden (https://www.uib.no/realfaghoyden) (nybygg på 14000 m², rehabilitering av Realfagbygget på 47 000 m² og Fysikkbygget på 10 000 m²).
Rehabilitering av Kulturhistorisk museum (https://www.uib.no/universitetsmuseet/160139/historisk-museum-stengt)
Rehabilitering og nybygg ved HF-bygget (https://www.uib.no/hf/133783/nytt-hf-kvartal)
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
I denne stillinga representerer du driftsorganisasjonen til UiB i prosjekta. Dette er ei nøkkelrolle, som skal bringe livsløpsperspektivet inn i prosjekta. Her har du eit unikt høve til positiv påverknad i nokre av dei største og mest komplekse byggeprosjekta i Bergen, og til å setje spor som vil ha betydning for brukar, eigar og driftar av bygga i lang tid framover.
Rolla skal vere med å sjå til at bygga blir drifts- og vedlikehaldsvennlege, energieffektive, funksjonelle og robuste når dei står ferdige. Dette skjer gjennom deltaking gjennom tidlegfase, prosjektering, bygging, ferdigstilling, prøvedrift og garantifase. Du vil vere bindeledd mellom prosjektorganisasjonen og driftsmiljøet, og bidra til at bygg vert levert med god kvalitet, funksjonalitet og dokumentasjon.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søker deg som har:
- Teknisk bakgrunn (bachelor eller mastergrad i tekniske ingeniørfag). Lang og relevant erfaring kombinert med etter‑ og vidareutdanning kan i særskilde høve kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring frå prosjektgjennomføring, overtaking, oppstart og prøvedrift av nye bygg og tekniske anlegg
- God tverrfagleg innsikt i bygg og tekniske installasjonar
- Erfaring med FDVU-dokumentasjon
- Gode IT-kunnskapar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, skriftleg og munnleg
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
Vi ser etter ein person som:
- Har gode evner til å samarbeide med ulike fagmiljø
- Arbeider strukturert og systematisk, med fokus på avtalt kvalitet og dokumentasjon
- Er initiativrik og løysingsorientert, og tek ansvar for å drive prosessar framover
- Kommuniserer klart og tydeleg med både interne og eksterne aktørar
- Har evne til å sjå heilskapen og forstå samanhengen mellom prosjekt og drift
- Er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med endringar og varierte arbeidsoppgåver
- Har høgt fagleg engasjement og ynskje om å bidra til gode og varige løysingar for UiB
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Medverknad i utvikling av komplekse bygg, frå museum til avanserte laboratoriebygg
- Samarbeid med dyktige fagmiljø om viktige utviklingsoppgåver for heile universitetet
- Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- Stilling som senioringeniør (kode 1181)/overingeniør (kode 1087) i årslønn kr 750 000 - 900 000 brutto i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- Mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seksjonssjef Drift Jan-Terje Nygaard, jtn@uib.no, mob. 915 64 650. Eigedomsdirektør Kjartan Nesset, kjartan.nesset@uib.no, mob. 959 12 831.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll, og dette regelverket kan bli relevant ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
FerdigheterAI-generert
- Byggprosjektledelse
- Bygningsinstallasjoner og byggtekniske installasjoner
- ENØK
- Ingeniørarbeid
- Ingeniørkunst innen bygningskonstruksjon
- Nybygg
- Teknisk dokumentasjon
- Teknisk vedlikehold (bygg)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
- Bransje: Bygg og anlegg, Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Koordinering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464479211
- Sist endret




