ID 1065 Sakshandsamar – 100 % fast stilling - Tenestekontoret
Fitjar Kommune - administrasjon
- Frist 13.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Fitjar kommune er i utvikling. Auka behov, forventningar frå innbyggjarane og moglegheitene i velferdsteknologi krev at vi jobbar smartare, meir heilskapleg og meir førebyggjande. Me søkjer no ein erfaren og fagleg sterk sakshandsamar som vil vere med å sikre gode prioriteringar og berekraftige tenester innan helse og omsorg.
Tenestekontoret har ansvar for å sikre innbyggjarane forsvarleg og naudsynte helse- og omsorgstenester, og skal jobbe etter prinsippa likebehandling, fagleg kvalitet og god brukardialog.
Dette er ei nøkkelstilling for deg som ønskjer å arbeide meir heilskapleg, med større rom for faglege vurderingar og påverknad. Som sakshandsamar jobbar du i tett samhandling med øvrige helse- og omsorgstenester i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Stillinga er organisert i stab helse og omsorg og rapporterer direkte til kommunalsjef.
Ansvar og nøkkeloppgåver
Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av heilskaplege tenesteforlaup:
-
Kartleggje og vurdere innbyggjarane sine behov og ressursar, med vekt på meistring og sjølvstende.
-
Sakshandsame helse- og omsorgstenester i tråd med lovverk og prioriteringar.
-
Berekning av eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester i og utanfor institusjon.
-
Bidra aktivt i drift, utvikling og implementering av velferdsteknologi.
-
Tildele bustadar og ha oversikt over kommunen sine utleigebustadar.
-
Sakshandsame startlån.
-
Styrkje brukarmedverknad og samhandling med pårørande.
Kven ser vi etter?
Me søkjer deg som forstår samanhengen mellom fag, ressursbruk og prioriteringar.
Du:
-
Relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning med bachelor grad.
-
Har erfaring med sakshandsaming og innsikt i aktuelt lovverk
-
Evnar å gjere sjølvstendige vurderingar i komplekse saker.
-
Målretta, strukturert og ryddig, initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar.
-
Evne til fleksibilitet, kreativitet, sjølvstendig arbeid.
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, høg relasjonskompetanse, og gode datakunnskapar.
-
Førarkort i klasse B.
Det vert lagt vekt på personleg eignaheit.
Kva tilbyr me?
-
Ei nøkkelrolle i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester.
-
Eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, utvikling og samarbeid.
-
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad.
-
Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Har du spørsmål kring stillinga ta kontakt med kommunalsjef Anne Økland på telefon nr 90 98 69 71.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464467990
- Sist endret
