Ungdomsklubbarbeidar i Hå kommune
Hå Kommune
- Frist 15.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Ungdomsklubbarbeidar
Hå kommune driv i dag tre godt besøkte ungdomsklubbar: Ogna ungdomsklubb (på Ogna – torsdagar), Lensmannsløa ungdomsklubb (på Varhaug – tysdagar) og Loen ungdomsklubb (på Nærbø – onsdagar).
Det er ledig ei 20 % fast stilling som ungdomsklubbarbeidar i Hå kommune. Arbeidsområdet er for tida knytt til Ogna ungdomsklubb. Arbeidet går primært føre seg på ettermiddag/kveld på torsdagar. Det blir òg gjennomført ulike arrangement gjennom året i tillegg til vanlege opningskveldar.
Ungdomsklubbane i Hå er med i eit pilotprosjekt i samband med fritidsklubbløftet. I prosjektperioden skal det etablerast ein ny klubb, eksisterande klubbar skal forbetrast, kompetansen til dei tilsette skal styrkjast, det skal gjennomførast forsking på effektane av arbeidet, og ungdomsmedverknad og inkludering skal sikrast.
Arbeidsoppgåver
• Bistå klubbleiar med å drive ungdomsklubben og gjennomføre arrangement
• Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson i møte med ungdommane
• Skape og leggje til rette for aktivitetar og prosjekt i tråd med ønskje frå ungdommane
• Delta i felles oppgåver som matlaging og rydding
• Jobbe for å gi ungdommane kjensle av meistring og verdi
• Planleggje og gjennomføre arrangement
• Noko helgearbeid må påreknast
Kvalifikasjonar
• Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og unge, gjerne frå fritidsklubbfeltet
• Utdanning innan relevant fagfelt er ein fordel
• Politiattest må leggjast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar
• Gode kommunikasjonsevner
• Ein tydeleg vaksen som evnar å setje grenser
• Likar å vere saman med unge og er komfortabel med å ta ansvar
• Engasjert i menneska rundt deg
• God på relasjonsbygging og konflikthandtering
• Praktisk anlagt
• Godt humør og stå-på-vilje
• Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
• Løysingsorientert og fleksibel
• Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
• Ein variert og spanande arbeidskvardag der du sjølv kan vere med og skape innhaldet
• Løn etter tariffavtale
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatt til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leveras før tiltreding.
Ansettelsesvilkår
Ansettelsen skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Ferdigheter
- Anvende mattilberedningsteknikker
- Eventplanlegging
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 4364 Sirevåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Ideelle organisasjoner, Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ungdomsklubb, arbeid med ungdom, fritidsklubb, arrangement, kommunikasjonsevner
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464456402
- Sist endret

