Jurist - straffegjennomføring
Møre og Romsdal friomsorgskontor
- Frist 9.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Møre og Romsdal friomsorgskontor inngår i Kriminalomsorga region vest. Region vest med regionkontor i Bergen omfattar både Vestland fylke og Møre og Romsdal fylke. I Møre og Romsdal er det tre einingar, to fengsel og eit friomsorgskontor. Møre og Romsdal friomsorgskontor har 26 tilsette, med hovudkontor i Molde, og underkontor i Ålesund og Kristiansund. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande og vi legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø.
Vi skal tilsette jurist i 100% fast stilling som mellom anna har ansvaret for ND-saker i Møre og Romsdal. ND står for narkotikaprogram med domstolskontroll (ND), og er ein betinga dom på vilkår for rusavhengige som vert dømde for kriminalitet knytt til rusavhengigheit. Narkotikaprogrammet er eit individuelt tilpassa rehabiliteringsprogram som inneheld mange ulike tiltak. Målsetjinga er å førebyggje ny kriminalitet, fremje domfelte si rehabilitering, samt styrkje og samordne dei praktiske hjelpe- og behandlingstilboda.
I tillegg vil du få juridiske arbeidsoppgåver knyta til andre straffegjennomføringsformer. Her vil du inngå i team med ein anna jurist på kontoret.
Stillinga har kontorstad i Molde. Noko reiseverksemd må ein rekne med.
Du kan lese meir om friomsorgen her.
Arbeidsoppgåver
- Ha fagansvar for narkotikaprogram med domstolskontroll, leie saksgjennomgang og rettleie saksbehandlarar ved behov
- Forberede saker til og representere kriminalomsorga i ulike rettsmøte; mellom anna i startmøter, statusmøter, faseovergangar, omgjeringssaker og ankebehandling. Ein må og pårekne å vitne i straffesaker.
- Tett samarbeid med domstolen, påtalemakta/politiet og forsvarar
- Informasjonsverksemd knytt til ND-programmet
- Delta i utarbeiding av personundersøkingar til bruk i straffesaker, og medverke i samtalar med domfelte
- Initiere og utvikle tverretatleg samarbeid
Hovedtyngda av arbeidsoppgåvene vil vere knytt til narkotikaprogram med domstolskontroll, men juristen vil og få juridisk arbeid knytt til andre straffegjennomføringsformer. Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha:
- Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
- God evne til munnleg og skriftleg formidling på norsk
Det er ønskeleg, men ikkje naudsynt at du har:
- Erfaring frå straffesakskjeda
- Erfaring med å føre saker for retten
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape tillit og bygge gode relasjonar på tvers av fagmiljøa
- Trygg og tydeleg kommunikasjon, både munnleg og skriftleg
- Nysgjerrigheit på andre fagfelt
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Gjennomslagskraft
- Strukturert
Vi tilbyr
- Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Nyoppussa lokale i Strandgata 1 i Molde
- Eige kontor
- Arbeidsdag på 7,5 time med fleksitid og kjernetid frå 9-14.30
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Stillinga lønast som rådgivar, kode 1434, fra kr 620 000-750 000 pr år, seniorrådgivar, kode 1364, frå kr 700 000–820 000 pr. år avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar, det vert trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Stilling som seniorrådgivar krev fem års relevant erfaring.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til friomsorgsleiar Anna Melsæter tlf. 950 62 520.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464455281
- Sist endret



