Rådgivar rekneskap
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 27.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar rekneskap
Er du klar for å bidra til at sentral rekneskapsfunksjon i eit av dei større og meir utfordrande rekneskapssfagmiljøa i regionen leverar høg kvalitet og utviklar seg i tråd med den digitale utviklinga? Møre og Romsdal fylkeskommune har eit breitt og solid fagmiljø innan rekneskap – og som rådgivar får du ein unik moglegheit til å arbeide tett på og på tvers av heile dette miljøet. Stillinga tilbyr ei brei og utviklande rolle som spenner frå dagleg rekneskapsføring til effektivisering, forbetring og kompetanseheving på rekneskapsområdet i heile organisasjonen.
Vi søker etter ein sjølvstendig, strukturert og målretta medarbeidar i 100 % fast stilling. Har du god rekneskapsforståing, god systemforståing og ei evne til å sjå utviklingspotensial, kan dette vere stillinga for deg.
Arbeidsoppgåver
Du får arbeide med:
- Dagleg rekneskapsføring
- Avstemmingar, dokumentasjon og kvalitetssikring av rekneskapen
- Innrapportering til det offentlege (meirverdiavgift, KOSTRA mm)
- Vidareutvikling, standardisering og dokumentasjon av prosessar, rutiner og løysingar
- Fagleg støtte og opplæring, samt kontaktpunkt internt og eksternt
- Superbrukarrolle for system, herunder rolle- og tilgongsstyring
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har høgare relevant utdanning innan rekneskap eller revisjon, gjerne med:
- erfaring frå offentleg sektor eller større organisasjonar
- praktisk rekneskapserfaring
- erfaring frå kunde- og leverandørkontakt og fagleg støtte til andre medarbeidarar
- erfaring frå Visma Enterprise eller andre større ERP-system
- gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftlig og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- er strukturert, nøyaktig og effektiv
- er initiativrik og sjølvgåande
- har god gjennomføringskraft og leverer kvalitet til rett tid
- ser moglegheitar for forbetring
- er serviceinnstillt og har gode samarbeidsevne
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit stort fagmiljø
- faglege utfordringar og moglegheit til å påverke utvikling av rutinar og prosessar
- ei variert og utviklande rolle som kombinerer operative oppgåver med utvikling og forbetring
- tilgong til eit godt fagleg nettverk
- offentleg pensjonsordning, gruppeliv- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
FerdigheterAI-generert
- Avstemming av kontoer
- Bokføring
- Bruke IKT-systemer
- Regnskap og bokføring
- Saksbehandling regnskap
- Skattemelding
- Visma
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Regnskap, Rekneskap, Rådgiver, Rådgivar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463476812
- Sist endret



