Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
- Frist 14.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.
Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling.
Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane.
Vi har ledig ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar, anna stillingsprosent er og aktuelt. Tilsetting frå 10.08.26, eller etter avtale.
I tillegg har vi ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i perioden 07.09.26 til 23.08.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar.
- hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål
- legemiddelhandtering
- sjukepleiar/vernepleiar faglege oppgåver
- dokumentasjon
- tverrfagleg samarbeid
- rettleie studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som
- held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
- evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
- har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte
Vi tilbyr
- Varierte og lærerike arbeidskvardagar
- Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Stilling organisert i årsturnus
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat.
Kontaktinformasjon
Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 949 89 709Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5133239478
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464384086
- Sist endret

