Helsesekretær
Serviceseksjon Nordfjord, Helse Førde
- Frist 14.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Serviceseksjonen ved Nordfjord sjukehus har ledig 80 % fast stilling som helsesekretær/medisinsk sekretær.
Serviceseksjon organiserer alle merkantilt tilsette ved Nordfjord sjukehus og består av 10 årsverk. Eininga leverer sekretærtenester til medisinsk sengepost, medisinsk poliklinikk, radiologisk avdeling, skadepoliklinikken og avtalespesialistar med innkalling til poliklinikkane, telefoni og skriveteneste.
Eininga har også ansvar for id-kort, resepsjon og sentralbord.
Arbeidstid: måndag - fredag kl. 08.00 - 15.30
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjord er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod samt eit rikt fritids- og kulturtilbod. Det er og kort veg til flyplass.
Sjekk ut denne videoen der Marielle fortel korleis jobben hennar som helsesekretær ved Nordfjord sjukehus er, og om det som gir meining og verdi for henne.
Arbeidsoppgåver
- Innkalling av pasientar
- Ekspedisjon
- Inn- og utgåande telefonar
- Arbeidsoppgåver knytt til avtalespesialist
- Transkribering etter lydfiler
- Andre førefallande kontoroppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsesekretær/ medisinsk sekretær
- Relevant kompetanse og erfaring i bruk av IT og nettverkbastert system, spesielt frå Dips og Sectra
- Beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Fordel med kunnskaper i medisinsk terminologi
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner blir vektlagt
- Kunne jobbe sjølvstendig
- Evne til å jobbe strukturert og systematisk med toleranse for stort arbeidspress
- Er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overenskomt
- Gode pensjonsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tjodhild Herstad Alsaker, Einingsleiar, (+47) 419 07 041Arbeidssted
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5132815178
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 14.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464383954
- Sist endret
