Her er du

FINN/Jobb/Søk/Telemark/Vinje

Pedagogisk leiar - 200 % fast

Rauland barnehage, Vinje kommune

  • Frist 4.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du vere den vaksne som gjer ein forskjell – kvar einaste dag? Kanskje er det nettopp du som skal vere den vaksne eit barn hugsar resten av livet.

I Rauland barnehage er dagane fylt med frisk fjelluft, små hender i store vottar og nysgjerrige blikk som ventar på å bli møtt. Hjå oss er naturen meir enn ein bakgrunn – ho er ein læringsarena, ein møteplass og ei kjelde til undring.

No ser me etter deg som vil vere med å sjå kvart enkelt barn, byggje sterke relasjonar og skape gode dagar, både ute og inne. 

Me veit at barn lærer best når dei:

  • blir sett og forstått
  • kjenner seg trygge og viktige
  • møter vaksne som bryr seg – på ekte

Difor jobbar me kvar dag for å vere til stades, lytte, støtte og gi rom for kvar enkelt.

I kvardagen hjå oss får du vera med på: 

  • turar i skog og fjell, der barna utforskar naturen med heile seg
  • leik som får utvikle seg i sitt eige tempo
  • små, store augeblikk som formar barndom og sjølvkjensle
  • eit fagmiljø som løftar kvarandre og vil vidare.

Arbeidsoppgåver

  • Leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga
  • Medansvar for det pedagogiske arbeidet i heile barnehagen
  • Medansvarleg for den daglege drifta i barnehagen
  • Ansvar for å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
  • Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
  • Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme
  • Byggje relasjonar som gir barn mot til å vere seg sjølve
  • Fagleiing av dei tilsette på avdelinga
  • Vere ein aktiv del av eit leiarteam som vil skape noko saman

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar
  • Annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
  • Ved mangel på kvalifiserte søkjarar vil annan relevant utdanning og/eller erfaring vurderast og godkjennast på dispensasjon

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg og tydeleg leiar
  • Du brenn for barns utvikling og leik
  • Du har evne til å skape gode relasjonar
  • Du er raus, engasjert og initiativrik
  • Du likar å jobbe både sjølvstendig og i lag med andre
  • Du finn løysingar til det beste for barna i ein travel kvardag
  • Du kommuniserer godt med barna, førsette, kollegaer og andre samarbeidspartnerar
  • Du likar å vere i aktivitet, både ute og inne
  • Du trivast i ein hektisk kvardag
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein barnehage tett på naturen – fjell, skog og årstidene som læringsarena
  • Moglegheit til å påverke og setje retning
  • Ein arbeidskvardag der ingen dagar er like – og alle betyr noko
  • Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling, og gode moglegheiter for kompetanseheving
  • Ein arbeidsplass der du kan påverke og utgjere ein forskjell
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Løn etter lokal lønstabell - barnehagelærar- årsløn frå 530-656.500,- + ped.leiartillegg på 30.000,-
     

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Heidi Rønningen, Verksemdsleiar Rauland barnehage, +47 90646483, heidi.ronningen@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Raulandsvegen 1747

3864 Rauland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune


Referansenr.: 5133131088

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 10.08.2026

Søknadsfrist: 04.06.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Raulandsvegen 1747, 3864 Rauland

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 464368478
  • Sist endret 21.5.2026, 15:07
Rapporter annonse