Miljøterapeut
Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Fast
UPH (Ungdomsavdeling psykisk helsevern) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12 – 18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.
Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar):
- 50% fast stilling med oppstart snarast
- Stillinga inngår i 3-delt turnus.
Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner
- Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner
- Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar
Kvalifikasjonar
- Må ha medisinsk kompetanse, f.eks. autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
- Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordingar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786Arbeidssted
Svanehaugvegen 76812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5133047457
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464368403
- Sist endret
