Avsnittsleiar/operasjonsleiar
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Frist 4.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer deg som vil vere med og leie operasjonssentralen framover, både fagleg og personalmessig. Vi har ledig ei fast stilling som avsnittsleiar/operasjonsleiar, politioverbetjent SKO 0287, ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Vi ser etter deg som har gode leiareigenskapar, er initiativrik og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.
Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det anna kvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv. Litt reiseverksemd kan forekomme.
Felles eining for operative tenester (FOT) består av to seksjonar, seksjon for operativ styring og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga er organisert under seksjon for operativ styring. Seksjonen er inndelt i tre avsnitt som leiast av kvar sin avsnittleiar. Vi har mange erfarne leiarar og god spreiing i alder og erfaring mellom operatørane. Operasjonssentralen har eit godt arbeidsmiljø og er kjent for å ha dyktige medarbeidarar. Operasjonssentralen er plassert i politihuset i Ålesund. Sentralen er samlokalisert med 110-sentralen i Møre og Romsdal.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga vår er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
Avsnittsleiar
- personalansvar for operasjonsleiarane, oppdragsleiarane og operatørane på eige avsnitt
- saman med seksjonsleiar vere med å drifte den daglege tenesta ved operasjonssentralen
- representere operasjonssentralen i ulike samarbeidsmøter internt/eksternt
- ta del i dei administrative oppgåvene ved seksjonen og driftseininga
- vere ei del av leiargruppa i operativ styring og utvida leiargruppe på FOT
- kan bli pålagt andre oppgåver
Operasjonsleiar
- øvste leiar på operasjonelt nivå når det ikkje er satt stab
- ansvarleg for samhandling med innsatsleiar i både planlagde og hendingstyrte oppdrag
- ansvarleg for å konferere med stabssjef ved behov for fagleg rådgjeving
- ansvarleg for å følgje opp styringssignal frå overordna nivå
- ansvarleg for å ha oversikt over politidistriktet sin operative kapasitet (ressurs og kompetanse) i samhandling med tenestekontoret, og skal bistå tenestekontoret med sanntidsføring i TTA, etter kontortid
- ansvarleg for samhandling og oppfølging med Felles straffesaksinntak (FSI). Vere etterforskingsleiar når FSI ikkje er på arbeid.
- ansvarleg for å handtere media og informere befolkninga etter sentrale retningslinjer og lokale instruksar
- skal ha god kunnskap om lovverk, i instruksverk og ordrar, ha inngående kunnskap om PBS I–II og III og drifte tenesta i samsvar
- ansvarleg for HMS-tiltak for tenestepersonar i aktiv teneste samt eige team med oppdragsleiar og operatør
- ansvarleg for varslings- og bistandsanmodningar
- ansvarleg for varsling av stabssjef ved behov for å sette stab
- ansvarleg og fullmakt til å beslutte bevæpning i samsvar med våpeninstruksen for politiet
- har fullmakt til å beordre personell og rekvirere ekstern bistand
- ansvarleg for politidistriktet si operative drift av sin funksjon som lokal redningssentral (LRS) inkl. oversikt over redningsressursar
- kunne fungere som oppdragsleiar og operatør
- rettleie øvrige tilsette ved operasjonssentralen
- utføre oppgåver skildra i rutinar om arbeidsfordeling samt gjeremål for OL og ODL
- skal ikkje ta 02800 telefonar, men bistå i tilfelle der operatør eller ODL ikkje har kapasitet til å ta 112 telefonar
- ansvarleg for varsling av politimeistaren og jourhavande etter eigne retningslinjer
- kan bli pålagt andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål skal leggjast ved søknaden.
- erfaring frå operasjonssentralen
- brei erfaring frå politiet sine gjeremål, herunder ordenstjeneste og etterforsking
- relevant erfaring frå leiing
- god kunnskap om nasjonal kriseberedskap og krisehandtering
- god munnleg og skriftleg formidlingevne på norsk og engelsk
- svært god kjennskap til politiet sine operative styringssystem
- plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- kunne klarerast for HEMMELEG/Nato secret jfr. sikkerhetsloven.
Det er også ønskjeleg med
- relevant leiarutdanning
- studiet funksjonsretta leiing for oppdragsleiar/operasjonsleiar
- studier innanfor etterforskingsleiing
Personlege eigenskapar
- gode leiareigenskapar, herunder kunne leie situasjonsbestemt
og ha god evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidarar - evne til å setje retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre
- gode kommunikasjonsevner
- gode samarbeidsevner
- høg stresstoleranse
- initiativrik
Som leiar må du i tillegg vere ein god rollemodell og leie i
samsvar med medarbeiderplattformen vår.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby
- ei utfordrande og utviklande stilling for deg som vil vere med på å forme politiet for framtida
- fast stilling som avsnittsleiar/operasjonsleiar, stillingskode 0287 politioverbetjent, i Møre og Romsdal politidistrikt, med brutto årslønn frå kr. 790.000 - kr. 810.000.
- godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- moglegheit til trening i arbeidstida
- tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcAnnonseinformasjon
- FINN-kode 464358448
- Sist endret


