ID 2451 Rettleiarar - NAV Stord kommune
Stord kommune
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Fast
NAV Stord er ein viktig samfunnsaktør med det strategiske ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Stord kommune og Sunnhordland tenesteområdet. Me er 65 medarbeidarar fordelt på stat og kommune og held til i Backertunet i sentrum av Leirvik.
NAV Stord kommune har ledig 2 rettleiarstillingar,
-
Fast 100% stilling frå 01.09.26, samt
-
100% stilling i vikariat i perioden 01.07.26 -- 31.08.27.
Skriv i søknaden om du søkjer på begge eller berre ein av dei.
Du som søkjer denne jobben må like å arbeide med menneske som treng informasjon, rettleiing og oppfølging over kort og lang tid.
Arbeidsoppgåver:
-
Behovsavklaring og individuell oppfylging og sakshandsaming etter lov om sosiale tjenester i NAV.
-
Gjere vurderingar og vedtak knytt til tenester frå NAV Stord
-
Delta i samarbeid og oppfylging av brukarar
Kvalifikasjonskrav:
-
3-årig utdanning på høgskule-/ universitetsnivå, sosialfagleg retning
-
Andre 3-årige høgskuleutdanningar, i kombinasjon med særs relevant arbeidserfaring, blir og vurdert.
-
God IKT kompetanse, samt skriftleg og munnleg framstillingsevne
-
Relevant arbeidserfaring
Me legg vekt på at du:
-
er god på motivasjons- og endringsarbeid med menneske, og verdset brukarmedverknad
-
har røynsle frå aktuelt fagområde
-
er tydeleg, løysingsorientert og har gode samhandlingsevner
-
er målretta og arbeidar systematisk
-
har stor arbeidskapasitet, både sjølvstendig og i team
-
tek ansvar for eiga utvikling og medverkar til utvikling av andre sin kompetanse i kontoret
-
er positiv og har godt humør
-
personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Ein triveleg og hektisk arbeidsplass med dyktige medarbeidarar
-
Ein spannande og utfordrande jobb
-
Gode høve til personleg utvikling
-
Fleksibel arbeidstid
-
Stord kommune ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved kontakte einingsleiar ved NAV Stord, Rune K. Pedersen, tlf. 92062737
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464348252
- Sist endret


