Sjukepleiar/ vernepleiar med vidareutdanning
Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
TSB poliklinikk Molde søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar, med vidareutdanning, til ei 100% stilling, med ønskje om oppstart snarast mogeleg.
Dersom du ønskjer ein meiningsfull, variert og utfordrande jobb innan rusfeltet i spesialisthelsetenesta, kan dette vere den rette moglegheita for deg.
Poliklinikken er ein del av Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal HF og tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling innan rus- og avhengigheit.
I poliklinikken arbeider eit breitt samansett fagmiljø som gir behandling til personar med avhengigheit knytt til rusmiddel, vanedannande medikament, anabole steroider og spel, i tillegg til tilbod for pårørande, gruppe- og dagbehandling og legemiddelassistert rehabilitering. Dei siste åra har vi også implementert samtidig traume- og rusbehandling, mellom anna gjennom EMDR og CT‑PTSD, noko som har styrkt tilbodet vårt til pasientar med komplekse og samansette utfordringar.
Fagmiljøet består av russpesialistar, legar, psykologar og psykologspesialistar, samt helse- og sosialfagleg personell med vidareutdanning.
Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og eit inkluderande arbeidsmiljø, og ønskjer oss ein kollega som vil bidra aktivt inn i dette fellesskapet.
Arbeidstid er p.t. dagtid.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av det tverrfaglege teamet
- Pasientansvarleg koordinator
- Individuell behandling
- LAR- behandling
- Medikamenthandtering
- Gruppebehandling
- Undervisning/rettleiing
- Kontinuerlig forbetring/kvalitetsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar /vernepleiar
- Krav om relevant vidareutdanning innan psykisk helse, rusbehandling eller familieterapi
- Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- God skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er nytenkande, ansvarsbevisst og endringsorientert
- Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Byen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde her.
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar, ann.kristin.lillebostad.hovden@helse-mr.no
Arbeidssted
Strandgata 1
6415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5128682283
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464265289
- Sist endret



