Miljøterapeut/spesialutdanna miljøterapeut
Bufetat
- Frist 31.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte? Vi søkjer dyktige miljøterapeuter.
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Kollen Ungdomsbase har vi ledig to faste stillingar som miljøterapeut/spesialutdanna miljøterapeut i 100% stilling.
Kollen Ungdomsbase er ein statleg barneverninstitusjon for ungdom i alderen 13-18 (20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen. Ungdommane er plassert etter Lov om barneverntenester. Institusjonen ligg i Vestnes Kommune og har ei avdeling her. Frå hausten 2026 skal vi i tillegg starte ei ny avdeling i Molde. Vi vil ha tilbod til 7 ungdommar fordelt på dei to avdelingane. Stillingane vi no lys ut kan få arbeidsstad enten i Molde eller på Vestnes.
Begge dei utlyste stillingane er for tida i langturnus etter gjeldande regelverk.
Arbeidsoppgåver
Målet vårt er å saman med dei andre tilsette, bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv.
Korleis oppnå dette målet:
- Utføre godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp.
- Sikre tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernsteneste, føresette, sosialt nettverk, skule, helse og arbeid.
- Bidra til å vareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
- Arbeide med krise- og stresshandtering og stabilisering av barn i krise.
- Arbeide førebyggjande og handtere åtferd/hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølv eller andre
- Kartleggje styrkane til ungdommen og behov og utarbeide og følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.
Kva bakgrunn har du?
Vi leitar etter deg som har
- Minimum treårig høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar eller anna gjennomført bachelorgrad tilsvarande 180 studiepoeng innanfor relevante fagområde frå høgskule/universitet.
- Studentar som er i ferd med å gjennomføre bachelorutdanning i sosialt arbeid, barnevernspedagog eller vernepleie kan også vurderast.
- Kommunisere godt på norsk (tilsvarande nivå B2).
- Ha førarkort (minimum) klasse B.
- Fordi arbeidet på eininga kan vere både fysisk og psykisk krevjande, stilles det krav til alminneleg god helse.
Det er ein fordel om du i tillegg har
- Relevant vidareutdanning tilsvarande minimum 60 studiepoeng.
- Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
- Evne til å forstå og fasilitere endringsprosessar, på individuelt og systemisk nivå.
- Nyare erfaring frå arbeid med ungdom.
På grunn av kjønnssammensetting i miljøterapeutgruppa, vert menn oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter:
- Du har evna til å meistre stress gjennom å sjå utfordringar som handterlege, meiningsfulle og kontrollerbare.
- Du kan samarbeide og kommunisere godt med andre, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig og strukturert.
- Du er fleksibel uten å vere ettergjevande og sensitiv utan å miste den naudsynte profesjonelle distansen.
- Du har evna til å betrakte, sortere og skilje mellom eigne og andres opplevingar, synspunkt, oppfatningar eller behov.
- Du må kunne ta imot rettleiing og arbeide med eiga utvikling.
- Du identifiserer deg med. oppfører deg og arbeider i tråd med samfunnsoppdraget vårt og kjerneverdiane våre "Respekt, openheit, deltaking".
- Du har evna til å skape god kontakt med ungdommane og er ein positiv ressurs for arbeidsmiljøet.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog og 1508 vernepleier med lønn p.t. kr kr 500 000 - 615 000 pr. år. For deg som ikkje har fullført høgare utdanning gjeld stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t kr. 443 000 - 550 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom eller 1509 spesialutdanna vernepleier, p.t. kr kr 550 000 - 655 000 pr år.
- Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
- Begge dei utlyste stillingane er for tida i langturnus etter gjeldande regelverk. 2 døgn arbeid, 7 døgn fri, 2 døgn arbeid, 7 døgn fri, 3 døgn arbeid på helg og 7 døgn fri. Det er avdelingsmøte og personalmøte kvar veke med oppmøte.
I tillegg kan vi tilby
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Opplæring og rettleiing i kognitiv terapi.
- Kurs, personalsamlingar og sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Tilbod om vidareutdanning og kompetanseheving.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Kollen Ungdomsbase.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest §7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din.
Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Hendelsehåndtering
- Sosialpedagogikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Myrakollen 6, 6390 Vestnes
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463731068
- Sist endret

