Psykolog/ Psykologspesialist - fast stilling og vikariat
Helse Bergen HF
- Frist 05.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykolog/ Psykologspesialist - fast stilling og vikariat
Rus- og avhengigheitsklinikken (tidlegare Avdeling for rusmedisin) består av fem døgnseksjonar, ein seksjon for forsking, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. Den tverrfaglege bemanninga i seksjon Askøy består av russpesialist/overlege, LIS legar, psykologar, sosionomar, sjukepleiar/vernepleiar, musikkterapeut, aktivitetskoordinator og sekretær. Avdeling for rusmedisin er opptatt av å legge til rette for individuell vidareutdanning, samt felles kompetanseheving.
Døgnavdeling Askøy har 28 plassar for døgnbehandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Pasientane har ofte underliggjande psykiske, psykiatriske problemstillingar, kognitive og somatiske plagar som ikkje har blitt diagnostisert tidlegare på grunn av rusbruk. Vi kartlegg og diagnostiserer desse plagane for å finne ut kor pasientane vil få best hjelp. Målet er å legge til rette for eit best mogleg og individuelt tilpassa behandlingsforløp for kvar pasient.
Døgnavdeling Askøy har ledig ein fast stilling for psykolog/ psykologspesialist frå 01.09.26 og eit vikariat i eitt år frå 01.10.26.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, utgreiing og behandling av rusavhengige, dette er ofte ROP tilstandar
- Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
- Deltaking i internt utviklingsarbeid, rettleiing og undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp
- IA-bedrift
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Klinisk psykologi
- Kompetanse innen behandling av rusavhengighet
- Psykiatrisk diagnostisering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haugane 8, 5307 Ask
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
psykolog, psykologspsialist, rusmedisin, døgnavdeling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464246498
- Sist endret

