Aktivitetsleiarar - sommaraktivitet for barn og ungdom
Avdeling helse, Fyresdal kommune
- Frist 3.6.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Vi treng to aktivitetsleiarar til sommaraktivitet for barn og ungdom for omlag tre veker i sommar. Arbeidet vil føregå i starten og slutten av skuleferien. Det er tenkt 100 % stilling i tre veker, men at jobben kan komprimerast noko då timeantalet per dag avheng av aktivitetane ein arrangerer.
Målet for alle aktivitetane er at barna skal oppleve meistring og gode opplevingar i eit trygt, aktivt, utforskande og sosialt miljø. Trivst du med å jobbe med barn og unge, og har du lyst til å bidra til at dei får ein innhaldsrik og spennande sommar? Vi treng trygge, engasjerte og ansvarsmedvitne personar som kan vere med på å gi barna gode sommaropplevingar.
Arbeidsoppgåver
- Skape og gjennomføre aktivitetar
- Planlegge og tilrettelegge med samarbeidspartnarar
- Ta vare på tryggleiken til barna og skape eit godt miljø for trivsel og samhald
- Organisere og følge grupper på omlag 20 born (alltid to saman)
- Halde rammene og retningslinjene for barna
- Førebu før aktivitet, rydde og halde orden på området der aktiviteten blir gjennomført
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
- Du må ha gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk
- Du må kunne levere gyldig politiattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er:
- Entusiastisk
- Initativrik
- Uthaldande
- Ansvarsmedviten
- Løysingsorientert
- Glad i barn og unge
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Ein spennande og lærerik sommarjobb
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Tilsetting skjer elles på dei vilkåra som fylgjer av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Politiattest er nødvendig.
Kontaktinformasjon
Nina Breivik, Prosjektstilling, 97665505Arbeidssted
Landstadvegen 353870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 5128748488
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 03.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464239038
- Sist endret
