Dagleg leiar
Voss Idrottslag
- Frist 29.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du leia det største idrettslaget i Voss?
Vil du leia det største idrettslaget i Voss herad?
Voss IL søkjer ein engasjert og strukturert dagleg leiar som vil vidareutvikla laget i tett samarbeid med frivillige, styret og lokalsamfunnet.
Om stillinga
Voss Idrettslag søkjer ein dagleg leiar i 100 % fast stilling.
Me ser etter ein tydeleg, strukturert og engasjert leiar som vil vera med å utvikla idrettslaget vidare – i tett samarbeid med styret, frivillige og lokalsamfunnet.
Voss IL er det største idrettslaget i Voss herad, med om lag 1250 medlemmer og 11 aktive grupper innan:
- alpint
- basketball
- friidrett
- allidrett
- nordisk
- orientering
- symjing
- tennis
- turn
- cheerleading
- volleyball
Kvar dag skapar me idrettsglede, meistring og fellesskap for barn, unge og vaksne.
Difor bør du velja Voss IL
Hjå oss får du:
- ei sentral leiarrolle med stor påverknadskraft
- ein variert arbeidskvardag tett på engasjerte frivillige
- moglegheit til å vidareutvikla eit stort og viktig idrettslag
- fleksibel arbeidssituasjon
- moderne kontorfasilitetar på Idrettshuset
- ei meiningsfull rolle i lokalsamfunnet
Arbeidsoppgåver
- leia den daglege drifta av laget
- følgja opp vedtak og prioriteringar frå styret
- koordinera og leggja til rette for samarbeid mellom undergruppene
- ansvar for budsjett og økonomistyring
- utvikla og følgja opp sponsoravtalar og støtteordningar
- byggja relasjonar til kommune, næringsliv og idrettsorganisasjonar
- representera Voss IL utad
- sikra god kommunikasjon i digitale kanalar
- støtta aktivitetar og arrangement i regi av laget
Kven ser me etter?
Me ynskjer at du har:
- relevant utdanning innan økonomi, leiing, administrasjon eller idrett
- erfaring med økonomistyring og/eller kommersielt arbeid
- god digital kompetanse og erfaring med systemarbeid
- evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
Relevant erfaring kan kompensera for formell utdanning.
Det er ein fordel om du:
- har erfaring frå idrett, frivilligheit eller organisasjonsliv
- har engasjement for lokalsamfunn og barne- og ungdomsidrett
- er ein relasjonsbyggjar med gode kommunikasjonsevner
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Praktisk informasjon
Stilling: 100 % fast stilling
Arbeidsstad: Voss
Oppstart: Etter avtale
Løn: Etter avtale
Søkjarar må kunna leggja fram gyldig politiattest før tilsetjing.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat med styreleiar Steinar Røthe.
Slik søkjer du
Send søknad og CV innan 29. mai 2026 til: styreleiar@vossil.no
Ferdigheter
- Handelsavtaler
- Økonomistyring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Voss Idrettslag er det største idrettslaget i Voss herad med om lag 1250 medlemmer fordelt på 11 aktive grupper.
Laget skapar aktivitet, meistring og fellesskap for barn, unge og vaksne gjennom eit breitt idrettstilbod og eit sterkt frivillig engasjement.
Voss IL har ei sentral rolle i lokalsamfunnet og arbeider for å leggja til rette for idrettsglede og utvikling for alle.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Idrettsvegen 13, 5700 Voss
- Bransje: Idrett og trening
- Stillingsfunksjon: Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
dagleg leiar, idrettslag, leiing, økonomistyring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464235984
- Sist endret

