Undervisningsstilling - fellesfag
OPK-AR - Årstad vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 3.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studiespesialiserande og studieførebuande løp, i tillegg innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/
Vi søkjer lærarar i følgjande fag og stillingsstorleik:
Kroppsøving - inntil 35% fast stilling
Matematikk og naturfag - inntil 25% årsvikariat skuleåret 2026/27
Religion - inntil 15% vikariat 01.08.26 til 01.05.2027
Engelsk - inntil 70% vikariat 01.08.26 til 01.05.2027
Du treng ikkje ha kompetanse i alle fag for vere ein god kandidat. Vi er opne for søkjarar som kvalifiserer for ein eller fleire av stillingane, den endelege fordelinga av fag og prosent vert tilpassa dei som vert tilsett.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og vurdere opplæring i tråd med læreplanverket
(LK20) - Gi tilpassa opplæring til elevar med ulike føresetnader og behov
- Delta i vurderingsarbeid, inkludert undervegsvurdering og standpunktvurdering
- Samarbeide med kollegaer om fag- og klasseteamarbeid
- Delta i foreldresamarbeid og ha kontaktlæraransvar ved behov
- Bidra til eit godt læringsmiljø og skulemiljø
Kvalifikasjonar
- For å bli tilsett som lærar krevst godkjend lærarutdanning
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og lagtenking - både internt og eksternt
- Liker å utforske metodar som skaper elevaktiv læring
- Evne til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Pedagogisk og fagleg nyfiken
- Opptatt av å skape trygge og gode læringsmiljø og opptre som ein tydleg leiar i klasserommet
- God profesjonsfagleg digital kompetanse
Vi tilbyr
- Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
- Ein kultur prega av mangfald og engasjement
- Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Andre opplysninger:
- Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månadar
- Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett i vidaregåande skule
Kontaktinformasjon
Håkon Olsbø Berdinessen, Avdelingsleiar, 48194401Robert Henriksen, avdelingsleiar, +47 95101918
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 385053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5131220695
Stillingsprosent: 35, 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 01.05.2027
Søknadsfrist: 03.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464218099
- Sist endret
