VVA Ingeniør
Osterøy kommune
- Frist 08.06.2026
- Ansettelsesform Fast
100 % fast stilling som VVA ingeniør
Om stillinga
Osterøy kommune har oppretta ei ny stilling som VVA-ingeniør i eining for teknisk drift. Vi søkjer ein VVA-ingeniør, helst med erfaring innan kommunalteknikk.
Stillinga skal sikra heilheitleg fagleg forvaltning og drift av VVA anlegga i kommunen. Stillinga vil inngå i eit tverrfagleg miljø der du får arbeida både teknisk, administrativt og praktisk med planlegging, prosjekt, sakshandsaming og oppfølging av drift.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging, prosjektering og oppfølging av tiltak innan veg, vatn og avløp
- Sakshandsaming etter relevant lovverk, forskrifter og kommunale planar
- Handsaming av førespurnader frå innbyggjarar, utbyggjarar og andre samarbeidspartar
- Oppfølging av konsulentar, entreprenørar og leverandørar
- Internkontroll og prosessbeskrivelser
- Digitalisering og ajourhald av tekniske data, kart og leidningsnett
- Fagleg støtte i prosjektarbeid og andre avdelingar
Kvalifikasjonskrav
Krav om:
- Relevant utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule innan bygg, anlegg, kommunalteknikk, vatn og avløp, veg eller tilsvarande fagområde
- Kunnskap om drift og vedlikehald av kommunale vegar, leidningsnett, pumpestasjonar, reinseanlegg eller vassforsyning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
Ønskeleg:
- Erfaring frå drift, vedlikehald eller prosjektarbeid innan veg, vatn og avløp
- Kjennskap til offentleg forvaltning, plan- og bygningslova og relevant VVA-regelverk
- God administrativ og digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
- Du arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta
- Du har god gjennomføringsevne og tek ansvar for framdrift
- Du er løysingsorientert og praktisk anlagt
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i fagmiljøet
- Er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til forbetring av kommunale tenester
Vi tilbyr
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
- Ei tydelig fagrolle i eit sterkt fagmiljø, med stor grad av sjølvstende, og fagleg påverknad
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor.
- Løn etter avtale og gjeldande regelverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
FerdigheterAI-generert
- Byggeteknikk
- Digitalisere informasjonsforvaltning
- Drift og vedlikehold av den kommunale vannforsyningen
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Kommunalteknikk
- Planlegging og prosjektering av veinett
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Bransje: Bygg og anlegg, Offentlig administrasjon, VVS
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464145165
- Sist endret

