Vikarer - Skipsførar /Overstyrmann
Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 15.6.2026
Vi har behov for fleire skipsførarar og overstyrmenn som tilkallingsvikarar på fergene MF Storfjord og MF Fedjebjørn.
Turnus og behov vil variere. I periodar kan det vere behov for mannskap som kan gå heile arbeidsperiodar, medan det i andre periodar kan vere behov for enkeltvakter. Det er moglegheit for å bu om bord i arbeidsperioden, men det er ein fordel om du bur i nærleiken, då behovet kan variere i tråd med skift og turnus.
Reise til og frå arbeidsperioden vert dekt av rederiet.
Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Arbeidet inneber både ansvar og varierte utfordringar, mellom anna knytt til skiftande vêrforhold og krav til presis og sikker manøvrering av fartøyet. Du blir ein viktig bidragsytar til gode opplevingar for både passasjerar og mannskap, og vil samarbeide tett med kollegaer både om bord og på land.
Tiltreding etter avtale. Relevante kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene følgjer gjeldande stillingsinstruks for den aktuelle rolla.
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling.
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter erfarne og dyktige skipsførarar og overstyrmenn med solid forståing for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevjande situasjonar med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra aktivt til trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande verksemd vil vere ein fordel.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
Kontaktinformasjon
Audun Bergesen, Operativ leder , audun.bergesen@fjord1.noArbeidssted
Fv575953 Fonnes/Leirvåg ferjekai
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5126155399
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464139576
- Sist endret

