Sjukepleiar
Nevro og revma poliklinikk, Helse Førde
- Frist 9.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ein kjekk og lærerik arbeidsplass? Kom og bli med oss.
Nevro- og revmapoliklinikk ved Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering har ledige stillingar for sjukepleiarar.
Nevro- og revmapoliklinikken er ein spennande areidsplass med varierte arbeidsoppgåver. Vi greier ut og behandlar pasientar med ulike nevrologiske og revmatologiske sjukdommar.
I tillegg har vi ein infusjonspoliklinikk der vi gir infusjonsbehandling til pasientar innan nevrologi, revmatologi, hud og auge. Frå hausten 2026 vil vi også tilby infusjonsbehandling til pasientar innan medisin og barn.
Vi har no ledig to stillingar:
- 60 % fast stilling – oppstart 01.08.2026
Stillinga vil hovudsakleg vere knytt til undersøking og oppfølging av nevrologiske pasientar.
- 50 % stilling (2-årig vikariat) - opptart 01.08.2026, med moglegheit for forlenging
Stillinga omfattar i hovudsak utgreiing og oppfølging av pasientar med osteoporose, inkludert utføring av beintetthetsmålingar.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og høg fagleg kompetanse. Vi legg vekt på samarbeid, trivsel og fagleg utvikling, og ønskjer å skape ein arbeidsplass der vi lærer av kvarandre og spelar kvarandre gode.
Vi ber om at du opplyser i søknaden kva stilling du søkjer på. Stillingane kan kombinerast med andre stillingar.
God opplæring og rettleiing vil bli gitt.
Arbeidsoppgåver
60% stilling:
- Oppfølging og rettleiing av pasientar ved nevrologisk poliklinikk
- Utføring av klinisk nevrofysiologiske undersøkingar og testar
- Dokumentasjon og registrering i elektronisk journalsystem
- Delta i utviklingsarbeid knytt til fagområdet.
50% stilling
- Utgreiing og oppfølging av pasientar med osteoporose og eventuelt andre revmatologiske sjukdomar.
- Utføring av beintetthetsmåling
- Dokumentasjon og registrering i elektronisk journalsystem
- Delta i utviklinigsarbeid knytt til fagområdet
Kvalifikasjonar
- For stillingane ønsker ein i utgangspunktet offentleg godkjent sjukepleiar. I stillinga knytt til osteoporose opnar ein også for at radiograf kan søkje.
- Erfaring innan nevrologi/ klinisk nevrofysiologiske undersøkelsar eller osteoporose/beinbrudd er å føretrekke, men er ikkje eit krav.
- Gode IT-kunnskapar, god teknisk forståing
- Gode norskkunnskapar både sriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- God kommunikasjonsevne med pasientfokus
- Gode samarbeidsevner, med fagleg interesse og engasjement.
- Kunne arbeide strukturert og sjølvstendig, men også fungere godt i team.
- Fleksibel og trivst med høgt arbeidstempo
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God opplæring
- Høgt fagleg nivå
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne Marit Sølvberg Rygg, Avdelingssjef, (+47) 958 25 538Elin Ese, Seksjonsleiar, (+47) 986 04 663
Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5128013598
Stillingsprosent: 60, 50%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 09.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464134557
- Sist endret