Leiar for interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg
Stabseining samfunnsutvikling, Bygland Kommune
- Frist 15.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Det kan på sikt bli aktuelt med fleire kommunar i samarbeidet. Tilsynskontoret blir organisert som eit vertskommunesamarbeid etter kommunelova kapittel 20, med Bygland kommune som vertskommune. Kontoret vil vere lokalisert i Bygland kommune.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk leiar som skal byggje opp og leie det nye tilsynskontoret i ein viktig etableringsfase, og vidare sikre profesjonelt og heilskapleg tilsyn og saksbehandling innan avløp og forureining.
Tilsynskontoret skal ha inntil tre 100 % stillingar, inkludert leiar. Talet på stillingar kan bli justert dersom fleire kommunar kjem med i samarbeidet.
Arbeidsstad er Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen. Noko reiseverksemd må påreknast.
Leiar for tilsynskontoret har overordna ansvar for:
- Fagleg og administrativ leiing av kontoret.
- Oppbygging og vidareutvikling av rutinar, system og fagmiljø.
- Planlegging og prioritering av tilsynsaktivitet i tråd med nasjonale føringar.
- Samarbeid med deltakar kommunane, Statsforvaltaren og andre relevante aktørar.
Arbeidsoppgaver
- Leiing og personalansvar for medarbeidarane ved kontoret.
- Fagleg ansvar for tilsyn etter forureiningsforskrifta.
- Saksbehandling etter forureiningslova og forureiningsforskrifta, inkludert pålegg, vedtak og oppfølging.
- Utarbeiding og oppfølging av tilsynsplanar, årlege prioriteringar og rapportering.
- Bidrag til at kommunane når målet om full regelverksetterleving innan 2033 i tråd med krav i vassforskrifta/EUs vassdirektiv.
- Dialog og rettleiing overfor anleggseigarar, konsulentar og entreprenørar.
- Samhandling med vassområdekoordinator og bidrag til heilskapleg vassforvaltning i regionen.
- Budsjettoppfølging og forvaltning av sjølvkostfinansiert gebyrordning.
Kvalifikasjoner
- Relevant høgare utdanning (minimum bachelor), til dømes innan miljøteknikk, VA, naturforvaltning, bygg/tekniske fag eller tilsvarande.
- God kjennskap til eller erfaring med forureiningslova og forureiningsforskrifta.
- Erfaring frå offentleg forvaltning, tilsyn, saksbehandling eller myndigheitsutøving.
- Leiarerfaring eller dokumentert evne til å leie faglege prosessar og team.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (nynorsk) Relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for formell utdanning.
Personlige egenskaper
- Er sjølvstendig, strukturert og trygg i rolla som myndigheitsutøvar.
- Har god rolleforståing og høg grad av integritet.
- Evnar å kombinere fagleg tyngd med god dialog og rettleiing.
- Er samarbeidsorientert og trivst i eit interkommunalt fagmiljø.
- Har gjennomføringsevne og trivst med å byggje opp nye strukturar.
Vi tilbyr
- Ei fagleg spennande og samfunnsviktig leiarstilling.
- Moglegheit til å byggje opp og forme eit nytt interkommunalt fagmiljø.
- Stabil arbeidsgjevar og ryddige offentlege rammevilkår.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
- Fleksibel arbeidstid.
- Tenestebil til bruk i feltarbeid.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Aslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675Arbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 5113476646
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464117827
- Sist endret

