Innkjøpar
Osterøy kommune
- Frist 08.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Bli innkjøpar i Osterøy kommune! Form innkjøpsfunksjonen og arbeid med spennande prosjekt i eit godt arbeidsmiljø.
Om stillinga
- Osterøy kommune søkjer ein strukturert, sjølvstendig og utviklingsorientert innkjøpar som vil få ei sentral rolle i arbeidet med offentlege anskaffingar, rammeavtalar og gode innkjøpsprosessar i kommunen.
- Stillinga er nyoppretta, og du vil få høve til å vere med å forme innkjøpsfunksjonen i kommunen. Som innkjøpar vil du vere kommunen sin fagressurs innan anskaffingar og innkjøp, og du vil arbeide tett med leiarar, fagavdelingar og eksterne samarbeidspartar.
- Stillinga krev god forståing for offentleg forvaltning, evne til å arbeide sjølvstendig og interesse for å byggje gode system og rutinar.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje, gjennomføre og følgje opp offentlege anskaffingar
- Utarbeide konkurransegrunnlag, kravspesifikasjonar og kontraktsdokument i samarbeid med fagavdelingane
- Forvalte og følgje opp kommunen sine rammeavtalar
- Sikre etterleving av regelverk for offentlege anskaffingar
- Bidra til kontraktsoppfølging, leverandøroppfølging og vurdering av avtaledekning
- Arbeide med standardisering, effektivisering og digitalisering av innkjøpsprosessar
Kvalifikasjonskrav
Krav om:
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, til dømes innan økonomi, jus, administrasjon, innkjøp, logistikk eller offentleg forvaltning. Betydeleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- God kjennskap til offentlege anskaffingar og relevant regelverk
- Erfaring med innkjøpsarbeid, anskaffingsprosessar, kontraktar eller leverandøroppfølging innan kommunal eller annan offentleg sektor
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ønskjeleg med:
- Kjennskap til elektroniske konkurransegjennomføringsverktøy og innkjøpssystem
- Erfaring med rammeavtalar, avrop og avtaleoppfølging
- Kjennskap til berekraftige innkjøp, miljøkrav og seriøsitetskrav
- God økonomiforståing
- Erfaring med utvikling av rutinar, internkontroll eller prosessforbetring
Personlege eigenskapar:
- Er sjølvstendig, trygg og tek ansvar
- Arbeider strukturert, nøyaktig og systematisk
- Har god rolleforståing og høg integritet
- Har evne til å skape tillit og gode relasjonar på tvers av fagområde
- Er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
- Har interesse for utvikling, forbetring og effektivisering
Vi tilbyr
- Ei nyoppretta og viktig stilling med stor påverknad på utviklinga av innkjøpsområdet i kommunen
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune med breitt samfunnsoppdrag
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor.
- Løn etter avtale og gjeldande regelverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
FerdigheterAI-generert
- Anskaffelser
- Innkjøpsplanlegging
- Kunnskap om regelverket for anskaffelser i offentlig sektor.
- Logistikk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Offentlige anskaffelser
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling, Jurist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464075860
- Sist endret


