Sommarvikarar til BUA
Bjørnafjorden kommune Kultureininga
- Frist 01.06.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ver med på å skapa ein aktiv sommar i Bjørnafjorden kommune!
Har du lyst på ein sommarjobb der ingen dagar er heilt like? Der du får vera ute, møta folk og spreia aktivitetsglede rundt om i kommunen? Då bør du lesa vidare.
BUA Bjørnafjorden leitar etter engasjerte og blide sommarvikarar som vil vera med å låna ut alt frå SUP-brett og syklar til telt og turutstyr heilt gratis til innbyggjarane våre
Periode: 6. juli 31. juli
Arbeidstid: 4 dagar i veka, ca. 5 timar per dag
Litt ekstra variasjon i jobben:
- 1 dag i veka i BUA Eikelandsosen
- 1 dag i veka med popup BUA rundt om på Os (vi tek BUA med ut til folket!)
Kva går jobben ut på?
- Låna ut og ta imot utstyr
- Gi enkle råd og tips til bruk
- Pakka, rigga og vera med på popup-dagar
- Oppdatera BUA sine sosiale media
- Halda orden og oversikt
- Bidra til god stemning i bua
Kven ser vi etter?
Du treng ikkje vera ekspert men det er ein fordel om du:
- Er serviceinnstilt og likar å prata med folk
- Har litt interesse for friluftsliv
- Er fleksibel og likar å vera på farten
- Tek ansvar og jobbar sjølvstendig
- Har førarkort på manuell gir, men ikkje eit krav.
- Søkjarar må vere over 16 år
Kvifor jobba hos oss?
- Du får ein sosial, aktiv og variert arbeidskvardag
- Du kjem tett på lokalmiljøet både i Eikelandsosen og på Os
- Du bidreg til at fleire får oppleva meistring og glede ute
- Du blir ein del av eit inkluderande og viktig tilbod
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi gler oss til å høyra frå deg!
FerdigheterAI-generert
- Campingutstyr
- Oppdatere og vedlikeholde NNDs nettsider, intranettsider og sosiale medier
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Event og arrangementer, Kunst og kultur, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Annet
Nøkkelord
BUA, sommarjobb, aktivitet, fritid, kultur
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464026317
- Sist endret


