Sjukepleiar
Rådgjeving og bemanningssenter, Helse Førde
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Likar du variasjon i arbeidet og ønskjer å utvikle ein brei fagkompetanse som sjukepleiar?
Bemanningssenteret i Helse Førde har ledig eit 100% vikariat som sjukepleiar frå snarast og fram til 15.08.2027.
Bemanningssenteret formidlar pleiepersonell til helseføretaket sine poliklinikkar og sengepostar, både innan både psykiatri og somatikk, ved kortare og lengre fråvær.
Som sjukepleiar i Bemanningssenteret, vil du arbeide på fleire avdelingar og med ulike pasientgrupper. Dette gir deg ein unik moglegheit til å utvikle ein allsidig fagkompetanse.
Du vil få opplæring i 1-4 avdelingar som du skal arbeide ved, og tilgang på eit mangfald av kollegaer som hjelper deg å lukkast. Du vil få opplæring tilpassa dine behov samt vere med på å utarbeide eigen turnusplan. Vi tilbyr eit rekrutteringstillegg på kr 23.000,- for sjukepleiarar i Bemanningssenteret.
For meir informasjon om Helse Førde - sjå her.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar innan fleire fagfelt ved ulike avdelingar (poliklinikk og sengepost)
- Medikamenthandtering
- Pasientadministrativt arbeid
- Dekke bemanningsbehov for kortare eller lengre periodar
- Vere ein del av arbeidsfellesskapet i seksjonane
- Arbeid kvar tredje helg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team, og at du kan kommunisere godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkuderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige for oss
Vi tilbyr
- Rekrutteringstillegg for sjukepleiarar i Bemanningssenteret kr 23.000,- pr år i 100% stilling , tillegget blir redusert ved lågare stillingsandel
- Ein utfordrande og variert jobb
- Nært samarbeid med andre faggrupper og fagleg utvikling
- Internundervisning og fagdagar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Synnøve Marie Hestenes, Seksjonsleiar rådgjeving og bemanning, (+47) 930 18 186Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5129685897
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 15.08.2027
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464007308
- Sist endret
