Rådgjevar
Helfo
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer rådgjevar
Vil du ha ei variert rolle der du får bruke både fagkompetansen og evna di til å skape god flyt i kvardagen? Vi søkjer no ein fleksibel og engasjert medarbeidar som trivst med eit breitt spekter av oppgåver og ønskjer å bidra til eit velfungerande kontor.
I denne stillinga vil du ha ei sentral rolle i fleire delar av avdelinga vår. Du vil bidra i tenesteproduksjonen og få oppgåver som rettleiing til helseaktørar via telefon og e-post, og/eller knytt til førebyggande informasjons- og analysearbeid. Arbeidskvardagen er variert, og du må trivast med å skifte mellom ulike oppgåver og roller.
Du vil vere ein viktig servicefunksjon på kontoret og bidra med støtte i bruk og utvikling av dei digitale verktøya vi nyttar i kvardagen. Det er derfor avgjerande at du har god kompetanse i M365-universet og likar å hjelpe andre med å finne gode løysingar.
Stillinga er støttefunksjon for seksjonssjef innan beredskap, bemanningsplanlegging og arbeid med å sikre god og ressurseffektiv drift av kontoret. I tillegg må du rekne med noko administrative oppgåver.
Vi ser etter deg som er strukturert, serviceinnstilt og har evne til å sjå samanhengar på tvers, og som ønskjer å bidra både til dagleg drift og utvikling av tenestene våre.
Arbeidsoppgaver
Du vil i hovedsak
- gi rettleiing til helseaktørar via telefon og e-post og/eller bidra i førebyggande informasjons- og analysearbeid
- bidra til utvikling og vere superbruker og support innan IKT-verktøy og M365-apper
- bidra i bemanningsplanlegging og effektiv ressursutnytting
- utvikle og vedlikehalde beredskapsrutinar, støtte ved handtering av hendingar og bidra til at kontoret har god evne til å oppretthalde drift i krevjande situasjonar
- måtte rekne med å kunne få andre administrative oppgåver
Helfo er i kontinuerlig utvikling. Det kan derfor bli endringar i stillinga sine ansvarsområder og oppgåver.
Kvalifikasjoner
Til denne stillinga må du ha minimum tre år høgare utdanning fra universitet eller høgskule.
Vi ønskjer at du har bachelorgrad, gjerne innan analyse-, pedagogikk-, administrasjons- kommunikasjons- eller samfunnsfag. Relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet.
Du må også ha:
- erfaring frå rettleiing, brukarstøtte eller anna serviceretta arbeid
- digital kompetanse på superbrukernivå, høge digitale intuitive ferdigheiter
- gode ferdigheiter i norsk- og engelsk, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som identifiserer deg med og vil arbeide etter Helfo sine verdiar: lærande, interesserte, samarbeidande og ansvarlege. Verdiane våre er viktige for oss, og dei skal setja retning for korleis vi saman løyser oppgåvene våre kvar dag.
For å lykkast i rolla er det viktig at du
- ser moglegheiter og tek ansvar for å gjennomføre forbetringar
- arbeider sjølvstendig innanfor klare rammer
- kommuniserer tydeleg, både munnleg og skriftleg
- er serviceinnstilt og likar å bidra til andre si utvikling og måloppnåing
- er utviklingsorientert og evner å sjå samanhengar
Vi tilbyr
- ei meiningsfull stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
- faglege utfordringar og moglegheit til å påverke
- eit aktivt og inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid i hyggelige kontorlokaler sentralt i Ørsta
- klare rammer, struktur og ansvar
- fleksibel arbeidstidsordning
- aktivitet/trening i arbeidstiden
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger – les mer spk.no
- fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) og lønn etter kvalifikasjoner i lønnsspenn fra kroner 600 000 til kroner 660 000
Hos oss får du kollegaer som er stolte av jobben sin og utfører arbeidet med stort engasjement. Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap der tverrfagleg samarbeid er heilt avgjerande.
Mangfald i Helfo
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og bidreg til endå betre oppgåveløysing og arbeidsmiljø. Vi ønskjer at medarbeidarane våre skal spegle heile Noregs befolkning, og vi vil ha medarbeidarar med ulik alder, kjønn og bakgrunn. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom du har hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette i Webcruiter når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Offentleggjering av søkjarliste
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Dette følgjer av offentleglova § 25. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå søkjarlista. I så fall må du grunngje kvifor du ønskjer det. Dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg på førehand. Sjølv om du får innvilga unntak frå offentlegheit, vil opplysningane dine stå på ei utvida søkjarliste. Denne lista vil berre dei andre søkjarane til stillinga kunne få tilgang til.
Søk elektronisk
Du søkjer på stillinga via rekrutteringssystemet WebCruiter, der du fyller ut CV-en og søknadsfeltet. Du må leggje ved alle relevante attestar og dokumentere utdanninga di. Vitnemåla dine må lastast opp via Vitnemålsportalen, som du finn lenkje til i WebCruiter. Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend og dokumentert av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Vi gjer merksam på at Helfo kan gjennomføre utvida bakgrunnssjekk for enkelte stillingar.
FerdigheterAI-generert
- Analysere data
- Bedriftsøkonomi
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Hendelsehåndtering
- Microsoft 365
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helfo er Helsedirektoratet sin ytre etat, og forvaltar årleg om lag 50 milliardar kroner. Dette omfattar oppgjer frå folketrygda til behandlarar, leverandørar og tenesteytarar, samt individuell refusjon av privatpersonar sine utgifter til blant anna legemiddel, tannhelse og helsetenester i utlandet.
Samfunnsoppdraget til Helfo er å ivareta rettane til brukarane og yte profesjonell service til behandlarar og innbyggarar gjennom rettleiing og informasjon om helsetenester.
Helfo jobbar for å gjere kvardagen enklare for helseaktørar og privatpersonar gjennom tilgjengelege, likeverdige og effektive helsetenester.
Helfo har kontor i Tønsberg, Fredrikstad, Sola, Ørsta, Mo i Rana og Kirkenes.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vikegata 25, 6150 Ørsta
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: IT-support, Kontor og administrasjon, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
Nøkkelord
Offentlig forvaltning, Veiledning, Rettleing, Helseøkonomi, Support
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463743704
- Sist endret




