Rettleiar
Helfo
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer rettleiar
Vil du ta ansvar, løyse komplekse problemstillingar og vere ein del av eit sterkt fagleg fellesskap? Vi søkjer no ein engasjert og sjølvstendig rettleiar som vil bidra til å gi god og trygg rettleiing til helseaktørar.
Som rettleiar i Helfo gir du fagleg rettleiing om regelverk, takstar og tenester. Rettleiinga skjer hovudsakleg via telefon og e-post, og krev både fagleg tryggleik, god vurderingsevne og evne til å kommunisere klart og tydeleg.
Vi ser etter deg som trivst med ansvar og faglege utfordringar, og som motiverast av å samarbeide i eit aktivt og dynamisk kontormiljø. Du ønskjer å bidra både i den daglege drifta og i vidare utvikling av tenestene våre.
Arbeidsoppgåver
Du vil i hovedsak
- gi rettleiing til helseaktørar via telefon og e-post
- forklare regelverk og ordningar på ein klar og forståeleg måte
- løyse samansette og krevjande førespurnader som krev fagleg vurdering
- halde deg løpande oppdatert på regelverk, system og rutinar
- samarbeide tett med kollegaer og delta aktivt i det faglege fellesskapet
Stillinga omfattar meir enn løpande kontakt med helseaktørar. Du vil også
- bidra med innsikt frå brukarmøte
- delta aktivt i forbetrings- og utviklingsarbeid
- vere med å forme gode arbeidsmåtar i ei verksemd i utvikling
Helfo er i kontinuerlig utvikling. Det kan derfor bli endringar i stillinga sine ansvarsområder og oppgåver.
Kvalifikasjonar
Til denne stillinga må du ha minimum tre år høgare utdanning fra universitet eller høgskule.
Vi ønskjer at du har bachelorgrad, gjerne innan helse-, sosial-, pedagogikk-, kommunikasjons- eller samfunnsfag. Relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet.
Du må også ha
- erfaring frå rettleiing, brukarstøtte eller anna publikumsretta arbeid
- god digital kompetanse og evne til å setje deg raskt inn i nye IKT- og saksbehandlingssystem
- gode ferdigheiter i norsk- og engelsk, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som identifiserer deg med og vil arbeide etter Helfo sine verdiar: lærande, interesserte, samarbeidande og ansvarlege. Verdiane våre er viktige for oss, og dei skal setja retning for korleis vi saman løyser oppgåvene våre kvar dag.
For å lykkast i rolla er det viktig at du
- tek ansvar og får ting gjort
- arbeider sjølvstendig innanfor gitte rammer
- kommuniserer tydeleg, både munnleg og skriftleg
- deltek konstruktivt i faglege drøftingar og bidreg med relevante perspektiv
- er lærevillig, nysgjerrig og utviklingsorientert
Vi tilbyr
- ei meiningsfull stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
- faglege utfordringar og moglegheit til å påverke
- eit aktivt og inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid i hyggelige kontorlokaler sentralt i Ørsta
- klare rammer, struktur og ansvar
- fleksibel arbeidstidsordning
- aktivitet/trening i arbeidstiden
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger – les mer spk.no
- fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) og lønn etter kvalifikasjoner i lønnsspenn fra kroner 590 000 til kroner 640 000
Hos oss får du kollegaer som er stolte av jobben sin og utfører arbeidet med stort engasjement. Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap der tverrfagleg samarbeid er heilt avgjerande.
Mangfald i Helfo
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og bidreg til endå betre oppgåveløysing og arbeidsmiljø. Vi ønskjer at medarbeidarane våre skal spegle heile Noregs befolkning, og vi vil ha medarbeidarar med ulik alder, kjønn og bakgrunn. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom du har hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette i Webcruiter når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Offentleggjering av søkjarliste
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Dette følgjer av offentleglova § 25. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå søkjarlista. I så fall må du grunngje kvifor du ønskjer det. Dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg på førehand. Sjølv om du får innvilga unntak frå offentlegheit, vil opplysningane dine stå på ei utvida søkjarliste. Denne lista vil berre dei andre søkjarane til stillinga kunne få tilgang til.
Søk elektronisk
Du søkjer på stillinga via rekrutteringssystemet WebCruiter, der du fyller ut CV-en og søknadsfeltet. Du må leggje ved alle relevante attestar og dokumentere utdanninga di. Vitnemåla dine må lastast opp via Vitnemålsportalen, som du finn lenkje til i WebCruiter. Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend og dokumentert av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).
Vi gjer merksam på at Helfo kan gjennomføre utvida bakgrunnssjekk for enkelte stillingar.
For meir informasjon om Helfo, sjå helfo.no.
FerdigheterAI-generert
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- User support
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helfo er Helsedirektoratet sin ytre etat, og forvaltar årleg om lag 50 milliardar kroner. Dette omfattar oppgjer frå folketrygda til behandlarar, leverandørar og tenesteytarar, samt individuell refusjon av privatpersonar sine utgifter til blant anna legemiddel, tannhelse og helsetenester i utlandet.
Samfunnsoppdraget til Helfo er å ivareta rettane til brukarane og yte profesjonell service til behandlarar og innbyggarar gjennom rettleiing og informasjon om helsetenester.
Helfo jobbar for å gjere kvardagen enklare for helseaktørar og privatpersonar gjennom tilgjengelege, likeverdige og effektive helsetenester.
Helfo har kontor i Tønsberg, Fredrikstad, Sola, Ørsta, Mo i Rana og Kirkenes.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vikegata 25, 6150 Ørsta
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontorarbeid, Rådgivning, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk, Norsk
Nøkkelord
Offentlig forvaltning, Helseøkonomi, Veiledning, Rettleiing, Brukerkontakt
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463741284
- Sist endret



