Konstitusjon som lagdommar ved Gulating lagmannsrett
Gulating lagmannsrett
- Frist 27.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Gulating lagmannsrett har ledig ein konstitusjon som lagdommar for ein periode på fire månader frå 17. august 2026.
Kvalifikasjonskrav
- Søkarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap.
- Søkarar må vera norske statsborgarar.
- Søkarar må ha god digital kompetanse.
- Stillinga krev høg fagleg kompetanse, analytiske evner og høg integritet.
- Søkarar må vere personleg eigna og ha relevant arbeidserfaring.
For kandidatar som vert innstilte, er det krav om uttømmande politiattest.
Personlege eigenskaper
- Du må kunna arbeida sjølvstendig og samtidig vera fleksibel og samarbeida godt.
- Du må kommunisera godt både skriftleg og munnleg.
- Du må kunne arbeida effektivt, ha gjennomføringsevne og stor arbeidskapasitet.
Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og spegla befolkningssamansetninga generelt – både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Kva tilbyr vi?
Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid, og eit godt arbeids- og fagmiljø.
Lønna for lagdommarar er per i dag 1 557 600,-. Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.
Vi utarbeidar offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksame på at opplysningar om kven som har søkt kan verta gjorde offentlege, sjølv om ein søkjar har bede om konfidensiell handsaming.
Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet.
Spørsmål om stillinga
Rolf Strøm, konstituert førstelagmann, tlf. 55 69 39 51 / 990 27 280, Rolf.strom@domstol.no
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463474769
- Sist endret



