Er du vår nye kollega?
Hjelmeland kommune Hjelmeland omsorgssenter
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Hjelmeland omsorgssenter har ledig 65 % fast stilling som helsefagarbeidar med tiltreding frå 01.08.2026. Stillinga inneber tredelt turnus med helgearbeid.
Omsorgssenteret består av korttidsavdeling med 8 plassar, inkludert ØHD plass og heimetenesta. Korttidsavdelingen har stort mangfald i pasientgruppa, komplekse og spennande utfordringar som me jobbar tverrfagleg med. Heimetenesta betener 26 omsorgsbustader og heimebuande. Senteret ligg sentralt på Hjelmeland med flott natur og fine turområder rundt. Hjå oss vil du få ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar.
Arbeidsoppgåver
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- oppgåver ut i frå fagkompetanse (legemiddelhandtering, primærkontakt funksjon)
- observasjonar og dokumentasjonsarbeid
- handtera medisinsk teknisk utstyr
- ivareta brukarane sine individuelle behov
Kvalifikasjonar
- godkjent fagbrev som helsefagarbeidar
- erfaring frå arbeid innan eldreomsorg
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort kl. B
Me søker etter ein person som
- bidra aktivt til eit godt miljø
- er sjølvstending og tek initiativ i arbeidet sitt
- har fokus på dokumentasjon og god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er fagleg dyktig
- er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
- gratis barnehage
- enkel tilkomst med ferje, hyppige avgangar og kort overfartstid for deg som pendlar
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463469597
- Sist endret
