Spesialist i klinisk pedagogikk/spesialpedagog
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 27.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Kunne du tenke deg å samarbeide med oss for å betre kvardagen til barn og unge?
Ved Poliklinikken i Volda har vi no ledig fast stilling for spesialist i klinisk pedagogikk/spesialpedagog med master.
I Helse Møre og Romsdal HF er Psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) og ein døgnseksjon. Poliklinikken i Volda har eit spennande fagmiljø som gir differensierte polikliniske behandlingstilbod til barn, unge og familiane deira i 7 kommuner på Sunnmøre.
Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografiske team. I tillegg har vi småbarnsteam, akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam, familieteam.
Vi gir tilbod om pasient- og pårørande opplæring, samt gruppetilbod til barn og unge med ADHD. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester for barn og unge, både i kommunene og i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling i samarbeid med andre faggrupper
- Samarbeid med andre instansar (innan foretaket og i kommunene)
- Samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
- Mastergrad i pedagogikk eller spesialpedagog
- Erfaring frå barnehage, skule eller PPT vert vektlagt
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg med sertifikat for bil
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplass
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
- Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag
- Det å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5122324485
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463449581
- Sist endret


