Lærar ved Nordfjordeid skule
Nordfjordeid skule, Stad kommune
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Nordfjordeid skule har ledig 100 % vikariat som lærar i perioden 01.08.2026 - 31.07.2027.
Nordfjordeid skule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Skulen er ein barneskule med 284 elevar på 1.-7. trinn. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman for å finne gode løysingar.
Meir informasjon om Nordfjordeid skule finn du på nettstaden www.stad.kommune.no.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
- Leie læringsarbeidet ved å legge til rette for praktiske og varierte læringsaktivitetar i klasser og grupper
- Arbeide systematisk og målretta med grunnleggande ferdigheiter i alle fag
- Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
- Delta og bidra i samarbeid med kollegaer
- Tett samarbeid med føresette og interne og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Godkjent grunnskulelærarutdanning 1–7
- Søkjarar med grunnskulelærarutdanning 5–10 eller faglærarutdanning kan også verte vurderte dersom dei har relevant undervisningskompetanse
- Vi søkjer særleg kompetanse innan basisfag, kroppsøving, kunst og handverk, musikk og spesial- og sosialpedagogikk.
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har god relasjonskompetanse
- Du kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
- Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysingsorientert
- Du har gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
- Du arbeider sjølvstendig og systematisk
- Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Du er utviklingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du har gode kunnskapar innan IKT
Vi tilbyr
- Ein spennande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Godt lærings- og arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med assisterande rektor, Kenneth Vedvik tlf. 971 60 369.
Kontaktinformasjon
Kenneth Vedvik, Assisterande rektor, 971 60 369, kenneth.vedvik@stad.kommune.noArbeidsstad
Skulevegen 336770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5128077087
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463442124
- Sist endret
