Seksjonsleiar
Avdeling for sjukehuspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har no ledig stilling som seksjonsleiar ved Psykosebehandling SNR. Vi søkjer deg som vil vere med og vidareutvikle sjukehuspsykiatrien i Nordmøre og Romsdal. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, du kan gje dei tilsette fagleg rettleiing og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivilligheit, medverknad og redusert bruk av tvang.
Seksjonen er organisert i Avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal, og held til på SNR Hjelset saman med dei andre seksjonene i avdelinga. Alle døgnseksjonene i avdelinga er lukka og godkjent for tvang. Vi driv ein nyoppretta sengepost med 11 døgnplassar, og vi er på jakt etter ein seksjonsleiar som vil vere med i det vidare arbeidet med utvikling av eit framtidsretta behandlingstilbod.
Seksjonen vår skal tilby spesialisert behandling til pasientar med psykoseproblematikk. I tillegg samarbeide med dei andre seksjonene i avdelinga og DPS-avdelinga vedr pasientflyt og pasientbehandling. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og fagleg utvikling.
I sengeposten har vi ei breidt samansatt personalgruppe, som driv både med utgreiing av psykoseproblematikk og ulike behandlingar som medikamenter, samtaleterapi, fysisk aktivitet/trening, turgrupper og miljøterapeutisk tilnærming.
Seksjonen har 2 overlegestilling, LIS, 1 psykologspesialist, tverrfagleg miljøpersonale, teamkoordinator og seksjonsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar
- Ansvar for dagleg drift og administrative oppgåver
- Ansvar for seksjonen sine tenestar og resultat, mellom anna fagleg verksemd, kvalitet, arbeidsmiljø, økonomi- og ressursbruk
- Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
- Medansvar for avdelinga sine tenestar og resultat
- Fagansvar og fokus på fagutvikling
- Vidareutvikling av seksjonen sine tenestar i tråd med overordna føringar
- Positiv og aktiv deltakar i avdelinga si leiargruppe
Kvalifikasjonar
- Utdanning på universitet- eller høgskulenivå
- Lege eller sjukepleiar med spesialiering innan psykiatri
- Erfaring frå vaksenpsykiatri og innan leiing er ein fordel.
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Du har evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar
- Du er endringsmotivert og med god gjennomføringsevne
- Du har gode evner til samarbeid og dialog
- Du er motivert for å bidra til fagutvikling og endring i organisasjonen
- Du har evne til å skape engasjement, motivasjon og arbeidsglede for dine tilsette
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til CV.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.
Kontaktinformasjon
Line Therese Heggem Lingen, Avdelingssjef, +47 957 07 045, Line.Therese.Heggem.Lingen@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5123969290
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463439790
- Sist endret



