Jordmor
Føde og barsel SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 22.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb? Då er du velkomen til oss som jordmor ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, SNR.
Vi har ledig 2 vikariat som jordmor med oppstart frå snarast, varigheit 1 år!
Føde/barsel SNR har årleg i overkant av 700 fødslar, og her er stor aktivitet. Vi har eit godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har akkurat flytta inn i eit nytt, topp moderne fellessjukehus på Hjelset.
Sjukehuset SNR er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er plassert i Avdeling for kirurgi og føde, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ei mor/barn vennleg avdeling (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i "Eit trygt fødetilbod". Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har kun familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under fødsel tilbyr vi at jordmor er tilstade under heile forløpet, massasje, akupunktur/akupressur, dusj/badekar, pudendalblokade og epiduralanalgesi. På poliklinikken har vi oppfølging både av gravide og barselkvinner etter tidleg heimreise.
Vi er eit tverrfagleg team i ulik alder og erfaringsgrunnlag, her kjem du til å passe godt inn enten du er nyutdanna eller erfaren.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad.
Arbeidsoppgåver
- Kontinuerleg og heilskapeleg fødselsomsorg
- Varierte jordmorfaglege oppgåver innanfor svangerskap, fødsel og barsel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som jordmor
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Det er ønskjeleg at du har meir enn 1 års erfaring frå fødeavdeling
Personlege eigenskapar
- Du er motivert for fagleg utvikling
- Du er positiv, fleksibel og tilpassingsdyktig
- Du har gode samarbeidsevner
- Du arbeider sjølvstendig, men har samstundes evne til å arbeide tverrfagleg
- Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Topp moderne fødeavdeling i et nybygd sjukehus
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- 3-delt turnus
- Internundervisning og kurs
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ingeborg Hjertvik, Seksjonsleder, +47 91647756Arbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5125784471
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 22.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463365337
- Sist endret


