Kjøkkenvert - vikariat
Vaksdal kommune
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Vaksdal Kommune kan tilby
Vaksdal kommune søker no etter ein engasjert kjøkkenvert i 50 % stilling på Jamnetunet Bu- og behandlingssenter. Stillinga er eit vikariat med moglegheit for fast stilling.
Jamnetunet Bu og behandlingssenter held til i eit nytt og topp moderne helsebygg. Stillinga er for tida knytt til bueining og korttidsavdeling med totalt 16 pasientar.
Institusjonen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. Det skjer mykje spanande utvikling på Jamnetunet innan. Hjå oss vil du få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.
Arbeidsoppgåver
- Bestilling/innkjøp av matvarer
- Tilbereding av måltider
- Handtere allergen og spesialkost
- Oppvask (maskin og manuelt)
- Reingjere kjøkken, utstyr og arbeidsflater
- Kontrollere temperatur, datomerking og lagring
- Kommunikasjon med pasienter, pårørande og andre besøkande
- Samarbeid med dialog med øvrige tilsette
- Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar
Kvalifikasjonskrav
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Gyldig politiattest
- Interesse for ernæring og tilbereding av mat
- Gjerne relevant fagbrev eller formell utdanning, men ikkje eit krav
- Erfaring frå arbeid i helse- og omsorgssektoren er ein fordel.
- Gjerne erfaring frå storkjøkken, kantine, institusjonskjøkken.
Personlege eigenskapar
- God på kommunikasjon og relasjonsbygging
- Du er påliteleg, open og ærleg
- Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er kreativ og engasjert
- Du er serviceinnstilt
- Du må like å arbeide sjølvstendig
- Generelt gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal Kommune kan tilby
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463330696
- Sist endret


