Vil du vere den som gjer natta trygg?
Heimetenesta, Gloppen kommune
- Frist 4.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du helsefagarbeidar/hjelpepleiar, - og trivst med sjølvstendig arbeid og meiningsfulle oppgåver? Då kan dette vere stillinga for deg. Har du anna relevant utdanning eller interesse for fagfeltet, oppmodar vi deg også til å søkje.
Vi har no ledig 100% fast stilling på natt, med oppstart 1.august.
Å jobbe natt i heimetenesta betyr å vere ei viktig støtte for menneske som ønskjer å bu heime - også når mørket fell på. Du møter menneske i ulike livssituasjonar, og di rolle blir å skape tryggleik, gje naudsynt helsehjelp og bidra til meistring i kvardagen.
Nattevaktene jobbar sjølvstendig og er ute hjå pasientar i området Sandane/Breim. Arbeidet inneber:
Heimebesøk gjennom natta, uansett ver og føre
Oppfølging av pasientar med behov for tilsyn og helsehjelp
Bidrag til at innbyggjarane kan bu trygt heime lengst mogleg
Du må like å køyre bil, då det vert ein del køyring i løpet av vakta. Tenesteområdet strekker seg rundt Gloppefjorden, frå Hestenesøyra- Sandane- Anda- Breim
Arbeidsoppgåver
- Ivareta og gje omsorg og pleie til brukarar i
omsorgsbustadar og i heimane som personleg hygiene og ernæring. - Kveldsstell og morgonstell
- Administrering av medisin
- Betene tryggleiksalarmar
- Terminalpleie
- Samarbeid med pasient og pårørande
- Samarbeid med lege/legevakt
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, eller anna relevant utdanning.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førarkort for personbil
Personlege eigenskapar
- Har god fagleg forståing, er trygg i rolla som fagutdanna og kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.
- Du bidreg til eit godt samarbeidsklima, er fleksibel og løysingsorientert.
- Kan arbeide effektivt og samstundes levere god kvalitet på tenestene.
- Kjennskap til kvardagsmeistring som metode.
- Likar å køyre bil.
- Vi ønskjer ein person med godt humør som trivast med utfordringar og varierte arbeidsoppgåver på natt.
Vi tilbyr
- Lokalt tillegg på natt
- Meir fleksibel kvardag med fleire fridagar (praktisk for dei som studerer eller ynskjer dag-/ettermiddagar til andre kjekke aktivitetar)
- Trivlege kolleager og godt arbeidsmiljø,størstedelen av vakta jobbar ein to saman
- En spennande og lærerik arbeidsplass
- Meir ro og fokus til å utføre arbeidsoppgåvene utan mange avbrytlesar frå telefonar og anna informasjonsformidling
- Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5121012051
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463328314
- Sist endret


