Miljøarbeidar
Grivihaugen bofellesskap
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein engasjert og varm kollega til vårt bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar. Hos oss på Grivihaugen får du jobbe tett på folk, bidra til meistring i kvardagen og vere ein viktig del av eit miljø der tryggleik, humor og respekt står sterkt.
I bufellesskapet møter du bebuarar med ulike behov og ressursar, og du blir ein del av eit lag som samarbeider tett for å gi individuelt tilpassa tenester. Vi trur på brukarmedverknad, gode relasjonar og at små augeblink kan bety mykje.
No treng vi ein medarbeidar som ikkje berre vil vere ein del av kvardagen her, men som også ønskjer å vere med og forme og utvikle tenestene vidare saman med oss. Stillinga består av arbeid kvar fjerde helg og på ukedager i en kombinasjon av ordinære vakter og langvakter.
Høyrest dette ut som ein plass du kan trivast? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid
- Pleie- og omsorgsoppgåver
- Følgje opp planar og rutiner
- Dokumentasjon og journalføring
- Følgje opp vedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven kap. 9 og pasient- og brukerrettighetsloven kap. 4A
- Legemiddelhandtering
- Kontakt med pårørande og andre aktuelle partar
Kvalifikasjonar
Krav til kompetanse- Autorisert helsefagarbeider eller barne- og ungdomsarbeider
Ønska kompetanse
- Erfaring frå arbeid med menneskje med ulike funksjonsvariasjonar
- Erfaring med utfordrandre adferd og psykiatri
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
- Medisinkurs
- Bestått test i norsk muntleg og skriftleg på minimum nivå B1
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Positiv og fleksibel
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- God relasjonskompetanse
- Tålmodig og påliteleg
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Beate Bjørkås, Avdelingsleiar, +47 97622292Arbeidsstad
Gamleveg 1343802 BØ I TELEMARK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5118507491
Stillingsprosent: 56%
Fast
Startdato: 22.06.2026
Søknadsfrist: 25.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463315139
- Sist endret
